FORENINGSPORTAL I Gloppen

Gloppen Folkebibliotek

Velkomen til biblioteket, vår felles stove! Vandre blant bøkene, finn deg ein god stol, møt andre eller ver for deg sjølv ei stund.

Du finn oss i Trivselshagen, like ved Gloppen Kulturskule, Kino og Kultursal. Av fasilitetar kan vi nemne; gode sitteplassar: Sofa, mjuke stolar, alkovestolar, barkrakkar mm – fleire med utsikt mot fjord og fjell, eiga barneavdeling, kaffimaskin som også lagar kakao, solbærtoddy og varmt vatn til te, puslespel, sjakk, stigespel, kortstokk, 4 på rad mm. Her kan du slappe av aleine med ei god bok eller vere ilag med andre over ein kaffikopp og eit slag sjakk. 


På biblioteket kan du oppleve:

  • Barneteater
  • Debattar
  • Føredrag
  • Forfattarbesøk
  • Forteljarstund
  • Høgtlesing
  • Konsertar
  • Kreativ verkstad
  • Utstillingar

Gå til Facebook sida vår


Gå til heimesida vår


Kontakt

Postboks 67
6821 Sandane

Sosiale media

2024 © Foreningsportal