FORENINGSPORTAL I Gloppen

Aktiv fritid

Aktiv Fritid er eit tilbod for deg som synest det er vanskeleg å finne ein fritidsaktivitet som passar for deg, og som av ulike årsaker har utfordringar som hindrar deg i å delta i fritidsaktivitetar.

Aktiv Fritid består av to koordinatorar/tilretteleggjarar som er tilsett i kommunen.

Om du synest det er vanskeleg å finne ein fritidsaktivitet som passar, og om du av ulike årsaker har utfordringar som hindrar deg i å delta i fritidsaktivitetar kan du ta kontakt direkte på telefon til koordinator, ingen søknad er nødvendig.

Koordinator/tilretteleggjar vil forsøke å hjelpe deg å finne ein fritidsaktivitet eller ta kontakt med ein lag/organisasjon som kan vere aktuell. Dei vil også kunne vurdere om støttekontaktordninga kan bruke ressursar for at fleire kan komme i aktivitet i eit gruppetilbod. Aktiv Fritid vil ikkje kunne bestemme om nokon skal få individuell støttekontakt, då dette er vedtak som vert tildelt som ei helseteneste.

Kontaktinformasjon

Olin Almenning tlf: 90 65 68 40
Ane Merete Austrheim tlf: 99 09 94 95

Aktiv Fritid har kontortid onsdagar.

Kontakt

Postboks 67
6821 Sandane

Sosiale media

2024 © Foreningsportal