-
Aktiv fritid
Aktiv Fritid er eit tilbod for deg som synest det er vanskeleg å finne ein fritidsaktivitet som passar for deg, og som av ulike årsaker har utfordringar som hindrar deg i å delta i fritidsaktivitetar.
Gloppen Folkebibliotek
Velkomen til biblioteket, vår felles stove! Vandre blant bøkene, finn deg ein god stol, møt andre eller ver for deg sjølv ei stund.Du finn oss i Trivselshagen, like ved Gloppen Kulturskule, Kino og Kultursal. Av fasilitetar kan vi nemne; gode sitteplassar: Sofa, mjuke stolar, alkovestolar, barkrakkar mm – fleire med utsikt mot fjord og fjell, eiga barneavdeling, kaffimaskin som også lagar kakao, solbærtoddy og varmt vatn til te, puslespel, sjakk, stigespel, kortstokk, 4 på rad mm. Her kan du slappe av aleine med ei god bok eller vere ilag med andre over ein kaffikopp og eit slag sjakk.
På biblioteket kan du oppleve:
- Barneteater
- Debattar
- Føredrag
- Forfattarbesøk
- Forteljarstund
- Høgtlesing
- Konsertar
- Kreativ verkstad
- Utstillingar
Del på:
Annen informasjon