-
Aktiv fritid
Aktiv Fritid er eit tilbod for deg som synest det er vanskeleg å finne ein fritidsaktivitet som passar for deg, og som av ulike årsaker har utfordringar som hindrar deg i å delta i fritidsaktivitetar.
Gloppen Kulturskule
Gloppen kulturskule tilbyr eit breitt utval i tilbod. Eit viktig mål i undervisninga er at kvar enkelt elev skal oppleve meistring. Vi skal prøve å tilrettelegge eit opplegg slik at kvar enkelt elev skal oppleve mestring på det nivået den enkelte er. Både born, ungdom og vaksne kan søkje våre tilbod uansett utganspunkt og funksjonsevne.Gloppen kulturskule har tilbod på fløyte, klarinett, saksofon, trompet/kornett, baryton, fiolin, cello, fele folkemusikk, piano, trekkspel, orgel, ulike gitarer, band, song, song folkesong, slagverk, folkesonggruppe, dans i ulike genre, visuell kunst, musikkterapi, musikkleik, musikksafari, slagverkensemble og orkester.
Vi sel også undervisningstenester til grunnskulen, barnehagar, Firda vidaregåande skule, skulekorps og spelemannslag. Det er eit viktig for kulturskulen å vere eit ressurssenter for skuleverket og det frivillige og profesjonelle kulturliv.
Kulturskulen held hovudsakleg til i Trivselshagen i eigne tilrettelagte lokaler, men driv også litt desentralisert undervisning i Hyen og Breim.
Gloppen kommune er vertskommune for ei av tre distriktsmusikargrupper i Sogn og Fjordane. Dei to andre kommunane med distriktsmusikargrupper er Sogn og Sunnfjord. Distriktsmusikarane i Gloppen er ei gruppe på 6 profesjonelle musikarar, der stillinga deira ved kulturskulen er delt mellom 50 % undervisning og 50 % konsertering/utøving. Dei er involverte i store produksjonar som t.d. Opera Nordfjord sine framsyningar, og dei reise på turné med Den kulturelle skulesekken. Dei jobbar fram eigne produksjonar og konsertar, og dei blir tinga til ulike oppdrag i lokalmiljøet som t.d. møter, bryllaup eller gravferder.
Vårt mål er at Gloppen kulturskule skal gje opplæring av høg fagleg og pedagogisk kvalitet til dei som måtte ønskje det. Formålet med opplæringa er å lære, oppleve, skape og formidle kulturelle og kunstneriske uttrykk. Kulturskulen er ein sentral del av den samanhengande utdanningslinja som kan kvalifisere elevar med særleg interesse og motivasjon til opptak i høgare kunstfagleg utdanning.