-
Rusfri 16. mai natt
Vi er godt igong med planlegging av årets arrangement. Eg har fått med meg en gjeng flotte og kreative ungdommar i tillegg til dei vanlige medarrangørane mine. Vi er et godt team så dette blir nok eit kanon arrangement!!!! Følg med for oppdateringar:-)
Aktiv fritid
Aktiv Fritid er eit tilbod for deg som synest det er vanskeleg å finne ein fritidsaktivitet som passar for deg, og som av ulike årsaker har utfordringar som hindrar deg i å delta i fritidsaktivitetar.Aktiv Fritid består av to koordinatorar/tilretteleggjarar som er tilsett i kommunen.
Om du synest det er vanskeleg å finne ein fritidsaktivitet som passar, og om du av ulike årsaker har utfordringar som hindrar deg i å delta i fritidsaktivitetar kan du ta kontakt direkte på telefon til koordinator, ingen søknad er nødvendig.
Koordinator/tilretteleggjar vil forsøke å hjelpe deg å finne ein fritidsaktivitet eller ta kontakt med ein lag/organisasjon som kan vere aktuell. Dei vil også kunne vurdere om støttekontaktordninga kan bruke ressursar for at fleire kan komme i aktivitet i eit gruppetilbod. Aktiv Fritid vil ikkje kunne bestemme om nokon skal få individuell støttekontakt, då dette er vedtak som vert tildelt som ei helseteneste.
Kontaktinformasjon
Olin Almenning tlf: 90 65 68 40
Ane Merete Austrheim tlf: 99 09 94 95
Aktiv Fritid har kontortid onsdagar.
Del på:
-
Grasrotandelen – Litt støtte blir til mykje!!!
Heile overskotet til Norsk Tipping går til samfunnsnyttige formål. Visste du at du som er Norsk Tipping-kunde kan være med og bestemme kva delar av overskotet skal gå til? Det kan du gjennom Grasrotandelen.
-
Open Hall 24. mars!!!
Vi knallar til med ny Open Hall i påska!!! Både Maria, May-Britt og eg var i sving under Open Hall forrige gong. I tillegg hadde vi med oss 2 turninstruktørar, 3 frå crewet på "Subben" og 4 frivillige i klatreveggen. Når det kjem så mykje folk er vi HEILT avhengige av hjelp frå frivillige!!! Vi har fortsatt plass til fleire hjelparar!!!
-
Den internasjonale kvinnedagen
Vi feirer den internasjonale kvinnedagen; 8. mars på Nordfjord Folkemuseum. Godt program med dugande kvinner, mat og prat! Velkomen!!!
-
Open Hall
Open Hall 4. februar vart ein suksess!!! Vi har planar om å arrangere Open Hall 11 gongar til. Kan du bidra? Det kan vere enkle oppgåver som å rigge til og rydde i hallen eller organisere kø til aktivitetane. Har du brattkort eller sikringskurs? Idèar til aktivitetar eller andre ferdigheiter som kan kome til nytte i Open Hall?