FORENINGSPORTAL I Gloppen

Lag og organisasjonar

Frivilligheten sin største verdi kan ikkje målast i penger. Den ligg i den meining frivillige organisasjonar har for dei mange som deltar, og dei som blir berørt av innsatsen.

Den norske befolkninga utfører ulønna arbeid tilsvarande 148.000 årsverk og verdiskapinga i frivillig sektor (inkludert verdien av det frivillige arbeidet) var på 125,5 milliardar kroner. Det frivillige liv står for meir enn 4 % av brutto nasjonal produkt (BNP). 23 % av inntektene kjem frå det offentlege, 15 % er gåver og 63 % er eigengenererte inntekter (sal, lotteri, medlemskontingent, osv.)

  • 67 % deltaking i frivillig arbeid (2 av 3 nordmenn)
  • 58 % av befolkninga er ikke spurt om deltaking det siste året
  • 38 % oppgir at dei kan tenkje seg styreverv

Det er generelt mindre tillit til at penger blir brukt til formålet. 

Frivilligregisteret har registrert nærare 150 lag og organisasjonar i Gloppen Kommune, men det er ikkje alle lag som er registrert i Frivilligregisteret, men alle med eit organisasjonsnummer er registrert i Enhetsregisteret. Og det er og fleire lag som ikkje er registrert i nokre av Brønnøysundregistra. Desse laga driv med mykje god aktivitet som det kan vere nokon som er interesserte i.  

Gloppen kommune har eit rikt foreningsliv med mange spennande aktivitetar!

Gloppen Frivilligsentral ønskjer å hjelpe til med å synliggjere mangfaldet. Gjennom 
Gloppen foreningsportal vil vi gje folk oversikt over alle tilboda som finns og korleis ein kan kome i kontakt med dei ulike laga og organisasjonane. Vi har også ei målsetting om at dette kan vere ein nettstad der frivillige kan marknadsføre sin organisasjon. 

Gloppen Frivilligsentral har starta jobben med å registrere inn tilgjengelig informasjon, men skal vi nå målsetjinga vår, er det viktig at alle lag og organisasjonar oppdaterer eigen informasjon.  

Organisasjonar mister medlemmar, få vil sitje i styre og stell. Ungdomen har generelt sett kanskje ikkje same kjensle til organisasjonsarbeid som før, samfunnet blir meir kommersialisert og noko av det frivillige arbeidet som organisasjonar historisk har stått for, er tatt over av andre. Eit kjent bilete men heldigvis ikkje berre eit negativt bilete.

Du kan lese om mykje god frivillig aktivitet på heimesida til Frivillighet Norge


Kontakt

Postboks 67
6821 Sandane

Sosiale media

2024 © Foreningsportal