FOREININGSPORTAL Foreiningar i Gloppen

Rusfri 16. mai natt

No er det snart klart for årets store rusfrie happening🤩 Bli med på kjekke konkurransar og lotteri med trekning av flotte premiar🎤🎶🤞 Vi er overbevist om at det blir ein kjekk kveld med god mat og mykje action🌮🥗🌯

Pris:
Billett kjøper du i døra til kr 50,-
I billetten får du pizza, brus og er med i trekninga av flotte premiar!!!

Kva skjer?
Diskotek, grip mikrofonen, beach volley turnering og muligheit til å prøve spike ball, blaze pods og promillebriller. 

Masse kjekke konkurransar med muligheit for å vinne småpremiar.
På slutten av kvelden vert det trekt ut heldige vinnarar av dei største premiane:

  • Gåvekort kr 5000,- Gloppen Trafikkskule
  • Gåvekort kr 2000,- Sport 1
  • Gåvekort Skinlo & Co
  • Gåvekort boblefotball, Subben og Trivselshallen
  • Gåvekort klatring, Nordfjord Klatreklubb og Trivselshallen
  • Gåvekort for 5 på Escape Bus

Masse gåvekort og premiar, oppdateringar kjem fortløpande

Dette er eit sosialt og kjekt ungdomsarrangement -See U there🥳🌿!!!

Flere nyheter

Kartlegging av frivillige lag i Gloppen – utvida frist

Vi vil gjerne takke alle frivillige som stilte opp på frivilligkveldane i Hyen 16. april, Breim 23. april og på Sandane 27. april! Både gjennom frivilligkveldane og kartlegginga av frivillige lag i Gloppen har vi fått inn mange gode innspel til kommunedelplan for frivilligheit. Vi har fått innblikk i dykkar arbeid, behov og ønsker, og har delteke i gode diskusjonar om viktige tema. Vi set stor pris på at de tek dykk tid til å delta.

Kontakt

Postboks 67
6821 Sandane

Sosiale media

2026 © Foreningsportal