FOREININGSPORTAL Foreiningar i Gloppen

Kartlegging av frivillige lag i Gloppen – utvida frist

Vi vil gjerne takke alle frivillige som stilte opp på frivilligkveldane i Hyen 16. april, Breim 23. april og på Sandane 27. april! Både gjennom frivilligkveldane og kartlegginga av frivillige lag i Gloppen har vi fått inn mange gode innspel til kommunedelplan for frivilligheit. Vi har fått innblikk i dykkar arbeid, behov og ønsker, og har delteke i gode diskusjonar om viktige tema. Vi set stor pris på at de tek dykk tid til å delta.

Utvida frist for å svare på kartlegginga

For å få eit mest mogleg rett bilde av frivilligheita i Gloppen ønskjer vi litt fleire svar på kartlegginga. Vi har derfor utvida fristen til den 16. mai.

Vi oppmodar derfor alle lag og organisasjonar i Gloppen som ikkje har svart på spørjeskjemaet om å fylle ut skjemaet under: 

Gå til skjema - Kartlegging - frivillige lag 

Dialogmøte på frivilligsentralen den 11. mai

Vi arrangerer eit eige dialogmøte på dagtid for dei som er frivillige gjennom Gloppen frivilligsentral, den 11. mai kl. 12:00-14:00. Det blir sendt direkte invitasjon til dei som allereie er frivillige. Andre interesserte eller som vurderer å melde seg som frivillig er også velkomne. 

Har de behov for eige dialogmøte?

Dersom de ønskjer ein uformell prat med nokon av oss i arbeidsgruppa, til dømes om spesielle problemstillingar for ditt lag, er det berre å ta kontakt med Åse-Birgitte Berstad på telefon 47 99 94 33, eller e-post . Ønskjer de eit eige dialogmøte for fleire lag kan vi finne ein dato i lag. 

Meir informasjon om planarbeidet 

Her finn du meir informasjon om planarbeidet. 

Der finn du òg oppsummering av kunnskapsseminaret om frivilligheit som vart arrangert den 11. februar.



Kontakt

Postboks 67
6821 Sandane

Sosiale media

2026 © Foreningsportal