FOREININGSPORTAL Foreiningar i Gloppen

Bli med på frivilligkveld

Frivilligkveldane er ein møteplass for frivillige lag i Gloppen, der kommunen inviterer til dialog om frivilligheit og samarbeid.

Gloppen kommune jobbar med å hente inn kunnskap om frivilligheita i Gloppen, til kommunedelplan for frivilligheit.  Vi har nyleg invitert alle frivillige lag til å ta del i ei kartlegging for å gje oss innblikk i utfordringar og behov som laga møter. 

I forlenging av kartlegginga inviterer vi til tre samlingar for frivillige i Gloppen. Der håpar vi å bli endå betre kjende med dykk og diskutere gode løysingar.

Hyen - 16. april, kl 19.30-21. Hyen skule
Breim - 23. april, kl 18-20, Breim skule
Sandane - 27. april kl 18-20, Heradshuset

Meld deg og laget ditt på her

Meld deg på snarast, og seinast to dagar før møtedatoen 
(fyll ut eit skjema per deltakar om du melder på fleire frå ditt lag)

Program

•    Del 1: Velkomen! Vi viser resultata frå kartlegginga av frivillige lag i Gloppen.
•    Pause: Kveldsmat og mingling
•    Del 2: Samtale og dialog i grupper om ulike utfordringar i Gloppen. Korleis kan kommune og frivillige løyse utfordringane saman?

Velkomen til ein triveleg kveld!

Har de behov for eige dialogmøte? 

Av omsyn til ressursbruk har vi i første omgang ikkje sett opp eigne dialogmøte for grendene, men lagt opp til at laga kan vere med på eitt av dei tre fellesmøta.

Dersom nokon likevel ser behov for eit eige møte for si grend eller ei mindre gruppe og ønskjer å vere med å planlegge dette, kan vi finne ein dato i lag. Ta i så fall kontakt med Åse-Birgitte Berstad på telefon 47 99 94 33, eller e-post 

Flere nyheter

Kartlegging av frivillige lag i Gloppen – utvida frist

Vi vil gjerne takke alle frivillige som stilte opp på frivilligkveldane i Hyen 16. april, Breim 23. april og på Sandane 27. april! Både gjennom frivilligkveldane og kartlegginga av frivillige lag i Gloppen har vi fått inn mange gode innspel til kommunedelplan for frivilligheit. Vi har fått innblikk i dykkar arbeid, behov og ønsker, og har delteke i gode diskusjonar om viktige tema. Vi set stor pris på at de tek dykk tid til å delta.

Kontakt

Postboks 67
6821 Sandane

Sosiale media

2026 © Foreningsportal