-
Rusfri 16. mai natt
No er det snart klart for årets store rusfrie happening🤩 Bli med på kjekke konkurransar og lotteri med trekning av flotte premiar🎤🎶🤞 Vi er overbevist om at det blir ein kjekk kveld med god mat og mykje action🌮🥗🌯
Kartlegging av frivillige lag i Gloppen
Kva utfordringar og behov har dei frivillige laga i Gloppen? Korleis kan vi få betre dialog og samarbeid? Hjelp oss å finne det ut!Kartleggingsskjema ligg ute no
Gloppen kommune jobbar med å hente inn kunnskap om frivilligheita i Gloppen til kommunedelplan for frivilligheit.
Vi inviterer no alle frivillige lag, organisasjonar og foreiningar i Gloppen til å delta i ei kartlegging, slik at vi får betre innblikk i dykkar utfordringar og behov. Der kan de òg kome med innspel og synspunkt på korleis vi bør samarbeide i åra framover.
Vi håpar de vil bruke litt tid på å diskutere desse spørsmåla i styret, og deretter sende inn som innspel til planarbeidet. Frist for å svare på skjemaet er søndag 12. april.
Gå til skjema - Kartlegging - frivillige lag
Frivilligkveldar i april
I forlenging av kartlegginga inviterer vi til tre samlingar for frivillige i Gloppen. Der håpar vi å bli endå betre kjende med dykk og diskutere gode løysingar.
- Hyen - 16. april
- Breim - 23. april
- Sandane - 27. april
Set av datoen for det møtet som passar best for laget ditt! Påmelding og meir informasjon om møta kjem snart i Gloppen sin aktivitetskalendar.
Vi planlegg også ei eiga samling for dei som er frivillige gjennom Frivilligsentralen. Dette blir den 10. april kl. 12.
Har de behov for eige dialogmøte?
Av omsyn til ressursbruk har vi i første omgang ikkje sett opp eigne dialogmøte for grendene, men lagt opp til at laga kan vere med på eitt av dei tre fellesmøta.
Dersom nokon likevel ser behov for eit eige møte for si grend eller ei mindre gruppe og ønskjer å vere med å planlegge dette, kan vi finne ein dato i lag. Ta i så fall kontakt med Åse-Birgitte Berstad på telefon 47 99 94 33, eller e-post (sjå under).
Del på:
-
Kartlegging av frivillige lag i Gloppen – utvida frist
Vi vil gjerne takke alle frivillige som stilte opp på frivilligkveldane i Hyen 16. april, Breim 23. april og på Sandane 27. april! Både gjennom frivilligkveldane og kartlegginga av frivillige lag i Gloppen har vi fått inn mange gode innspel til kommunedelplan for frivilligheit. Vi har fått innblikk i dykkar arbeid, behov og ønsker, og har delteke i gode diskusjonar om viktige tema. Vi set stor pris på at de tek dykk tid til å delta.
-
Bli med på frivilligkveld
Frivilligkveldane er ein møteplass for frivillige lag i Gloppen, der kommunen inviterer til dialog om frivilligheit og samarbeid.
-
Landsbylaurdagar i 2026
Landsbylaurdag er ein møteplass der lag- og organisasjonar kan vise fram sin aktivitet, og bidra til å skape liv og røre på Heradsplassen og Fjordlandsbyen. Målet er at Landsbylaurdag arrangementa skal vere noko som ulike lag og organisasjonar skapar og arrangerer i lag. Vi oppmodar lag- og organisasjonar om å melde seg på og bruke denne møteplassen aktivt!
-
Oppvekstplan 2026-2036 på høyring
Helse- og oppvekstutvalet vedtok 4. mars å legge oppvekstplanen ut på høyring.