-
Rusfri 16. mai natt
No er det snart klart for årets store rusfrie happening🤩 Bli med på kjekke konkurransar og lotteri med trekning av flotte premiar🎤🎶🤞 Vi er overbevist om at det blir ein kjekk kveld med god mat og mykje action🌮🥗🌯
Hugs å søkje om kulturmidlar før 1. april
Lag og organisasjonar kan søkje Gloppen kommune om kulturmidlar. Vår målsetting med tilskotsmidlane er å stimulere til gode kulturtilbod og opplevingar, der ein kjenner på glede, meisting, samhald, inkludering og som bidreg til å hindre utanforskap.Samfunnsutvalet har for 2026 sett av kr 450 000 som skal gå til frivillige organisasjonar som jobbar med barn og unge, idrettslag, song- og musikklag, grendahus, løypekøyring, friluftsorganisasjonar, kunstformidling, kulturarv og elles andre kulturaktørar.
Kven kan søkje?
Lag som har har høge driftsutgifter, og problem med å få nok inntekter til å dekke dei. Det er også muleg å søke om kulturmidlar der laget skapar noko som bidreg til eit fellesskap. Her er det viktig at dette vert utdjupa i søknadsskjema, slik at kommunen får eit godt vurderingsgrunnlag.
Del på:
-
Kartlegging av frivillige lag i Gloppen – utvida frist
Vi vil gjerne takke alle frivillige som stilte opp på frivilligkveldane i Hyen 16. april, Breim 23. april og på Sandane 27. april! Både gjennom frivilligkveldane og kartlegginga av frivillige lag i Gloppen har vi fått inn mange gode innspel til kommunedelplan for frivilligheit. Vi har fått innblikk i dykkar arbeid, behov og ønsker, og har delteke i gode diskusjonar om viktige tema. Vi set stor pris på at de tek dykk tid til å delta.
-
Bli med på frivilligkveld
Frivilligkveldane er ein møteplass for frivillige lag i Gloppen, der kommunen inviterer til dialog om frivilligheit og samarbeid.
-
Landsbylaurdagar i 2026
Landsbylaurdag er ein møteplass der lag- og organisasjonar kan vise fram sin aktivitet, og bidra til å skape liv og røre på Heradsplassen og Fjordlandsbyen. Målet er at Landsbylaurdag arrangementa skal vere noko som ulike lag og organisasjonar skapar og arrangerer i lag. Vi oppmodar lag- og organisasjonar om å melde seg på og bruke denne møteplassen aktivt!
-
Oppvekstplan 2026-2036 på høyring
Helse- og oppvekstutvalet vedtok 4. mars å legge oppvekstplanen ut på høyring.