-
Rusfri 16. mai natt
No er det snart klart for årets store rusfrie happening🤩 Bli med på kjekke konkurransar og lotteri med trekning av flotte premiar🎤🎶🤞 Vi er overbevist om at det blir ein kjekk kveld med god mat og mykje action🌮🥗🌯
Open Skog og Nordfjordryggen Fjelløp 2025
Trivselsskogen og idrettslaga i Gloppen inviterer til ei helg fylt med aktivitet, naturopplevingar og fellesskap i Trivselsskogen og på fjellet helga 12.-13. september! Aktiviteter rundt Nordfjordryggen Fjelløp er støtta av midlar frå Vestland Fylkeskommune og Sparebankstiftinga Sogn & Fjordane.Fredag 12. september
Fredag 12. september inviterer Trivselsskogen til «Open Skog», ein sosial kveld i TIN-camp med pizza, bål, grilling og aktivitetar! Du kan ta med eigen grillmat eller bestille pizza (pizza må bestillast innan 9. september). Hugs å ta med drikke og kle deg etter vêret.
Denne kvelden deler vi også ut startnummer og gir informasjon til løparane som skal delta i testløpet dagen etter.
Laurdag 13. september
Laurdag 13. september er det klart for eit testløp av Nordfjordryggen Fjelløp, eit løp vi håpar kan arrangerast offisielt neste år. Det er invitert ca. 40 deltakarar som skal få prøve seg på løypa med startnummer, men ALLE er invitert til å gå heile eller deler av denne flotte turen same dag!
Grunnen til begrensa tal deltakarar i testløpet, er for at arrangøren skal få erfaring med gjennomføring eit slikt fjelløp, og vidare forhåpentlegvis kunne planlegge for eit større tal deltakarar i 2026.
Del på:
-
Kartlegging av frivillige lag i Gloppen – utvida frist
Vi vil gjerne takke alle frivillige som stilte opp på frivilligkveldane i Hyen 16. april, Breim 23. april og på Sandane 27. april! Både gjennom frivilligkveldane og kartlegginga av frivillige lag i Gloppen har vi fått inn mange gode innspel til kommunedelplan for frivilligheit. Vi har fått innblikk i dykkar arbeid, behov og ønsker, og har delteke i gode diskusjonar om viktige tema. Vi set stor pris på at de tek dykk tid til å delta.
-
16. april 2026 får mange innbyggjarar i Vestland invitasjon til å delta i folkehelseundersøkinga. Førre gong dette skjedde var i 2022. Då hadde Gloppen veldig god svarprosent, og vi fekk informasjon som vi har hatt god nytte av. Vi håper derfor at like mange svarar denne gongen: Dess fleire som svarar, dess meir nytte har vi av undersøkinga her i Gloppen!
-
Bli med på frivilligkveld
Frivilligkveldane er ein møteplass for frivillige lag i Gloppen, der kommunen inviterer til dialog om frivilligheit og samarbeid.
-
Landsbylaurdagar i 2026
Landsbylaurdag er ein møteplass der lag- og organisasjonar kan vise fram sin aktivitet, og bidra til å skape liv og røre på Heradsplassen og Fjordlandsbyen. Målet er at Landsbylaurdag arrangementa skal vere noko som ulike lag og organisasjonar skapar og arrangerer i lag. Vi oppmodar lag- og organisasjonar om å melde seg på og bruke denne møteplassen aktivt!