-
Hugs å søkje om kulturmidlar før 1. april
Lag og organisasjonar kan søkje Gloppen kommune om kulturmidlar. Vår målsetting med tilskotsmidlane er å stimulere til gode kulturtilbod og opplevingar, der ein kjenner på glede, meisting, samhald, inkludering og som bidreg til å hindre utanforskap.
Open Hall søndag 14. september
Haustens første open hall blir arrangert søndag 14. september 🙂 Fjellhug/Vereide IL stiller på og hjelper oss med å arrangere, noko som vi er veldig takknemlege for 🙂Aktivitetar under open hall:
Aktivitetsløyper i Firdahall
Om vi får inn personar som kan sikre på trampoline, vil turnhallen vere ope i periodar.
Rulleskøyter/skateboard på bane 1 i storhall
Boblefotball på bane 1 nærmast klatrevegg
Pickleball/badminton og volleyball på bane 3 i storhall
Den aktiviteten du ynskjer, som t.d. basketball, innebandy, kanonball etc. på bane 2 i storhall
Klatring
Om det er fint veir legg vi til rette for at ein kan prøve rulleski utandørs.
Spre ordet og ta turen til hallen denne søndag![]()
Del på:
-
Kunnskapsseminar for frivilligheit
Gloppen kommune inviterer til kunnskapsseminar om frivilligheit onsdag 11. februar kl. 18-21.
-
Julekveld i Trivselshagen
Tradisjonen tru feirer vi julekvelden i Trivselshagen. Det blir god mat og underhaldning ein kan nyte i godt selskap.
-
Spander ei handlevogn
Det nærmer seg jul og for mange kan dette vere ei ekstra sårbar tid, dersom pengane ikkje strekkjer heilt til. Spander ei handlevogn er eit samarbeid mellom privatperson, NAV og Gloppen Frivilligsentral, og ein enkel måte for deg som ønskjer å hjelpe dei som slit med trang økonomi.
-
Frivillighetens dag 5. desember
Torsdag 5. desember er den Internasjonale Frivilligdagen. Velkomen innom oss!!!