FOREININGSPORTAL Foreiningar i Gloppen

Gloppen arrangerer Generasjonsleikane for første gong!

Vi inviterer til Generasjonsleikane søndag 5. oktober kl 12 – 15 i Trivselshallen. Generasjonsleikane er eit konsept som kommunar over heile landet kan melde seg på. Det handlar om leik og moro på tvers av generasjonar. Her er det viktigaste å samarbeide og ha det gøy, ikkje å vinne. Det er gratis å delta.

Det er Senter for et aldersvennlig Norge som står bak Generasjonsleikane som i år blir gjennomført i nærare 60 kommunar over heile landet. 

Leikane blir gjennomført inne i Trivselshallen første helga i haustferien i samarbeid med Gloppen Frivilligsentral og frivillige lag- og organsisasjonar.
Det er lagt opp til rundt 10 ulike aktivitetar, og alle skal kunne delta uansett fysiske føresetnader. Laga som deltek skal ha minimum to generasjonar, og kan ha 2-5 deltakarar pr lag. Det treng ikkje vere eit «familielag». Her kan ein invitere med seg ein god nabo, venner eller kollega.

Ikkje påmelding – arrangementet er ope frå kl 12 – 15

De melder på lag når de kjem i Trivselshallen. Om du ikkje har lag, så kan du kome åleine og vi hjelper til med å sette saman lag. Her skal det blir latter, leik og moro, der det ikkje fokus på å vinne men å samarbeide. Håpar mange besteforeldre, foreldre og naboar er sporty og stiller på i leiken i lag med dei unge! 

Vi gledar oss stort til ein aktivitetssøndag med mykje latter og moro for store og små!

Flere nyheter

Kartlegging av frivillige lag i Gloppen – utvida frist

Vi vil gjerne takke alle frivillige som stilte opp på frivilligkveldane i Hyen 16. april, Breim 23. april og på Sandane 27. april! Både gjennom frivilligkveldane og kartlegginga av frivillige lag i Gloppen har vi fått inn mange gode innspel til kommunedelplan for frivilligheit. Vi har fått innblikk i dykkar arbeid, behov og ønsker, og har delteke i gode diskusjonar om viktige tema. Vi set stor pris på at de tek dykk tid til å delta.

Kontakt

Postboks 67
6821 Sandane

Sosiale media

2026 © Foreningsportal