FOREININGSPORTAL Foreiningar i Gloppen

Høyring av planprogram - Kommunedelplan for frivilligheit

Frivillige lag og organisasjonar i Gloppen gjer ein imponerande innsats og er avgjerande for å skape gode lokalsamfunn. Kommunen har no starta arbeidet med ein kommunedelplan for frivilligheit. Har du innspel til kva ein slik plan bør innehalde, eller korleis lag og organisasjonar kan medverke til planen? Kom med innspel innan 22. oktober.

Det er utarbeida eit planprogram som foreslår kva plan for frivilligheit skal innehalde og korleis vi skal jobbe med medverknad i planarbeidet.
Planprogrammet vil ligge på høyring i 6 veker. Frist for å kome med innspel er 22. oktober.  

Planprogrammet skal stadfestast av kommunestyret på møte i desember. På nyåret startar arbeidet med sjølve planen, der vi skal hente inn kunnskap, drive medverknad og gje planen innhald. Det blir lagt opp til god involvering av lag og organisasjonar i planprosessen. Når sjølve planen blir lagt ut på høyring kan du kome med merknader også til denne.

Les meir på Gloppen Kommune sine heimesider

Flere nyheter

Kartlegging av frivillige lag i Gloppen – utvida frist

Vi vil gjerne takke alle frivillige som stilte opp på frivilligkveldane i Hyen 16. april, Breim 23. april og på Sandane 27. april! Både gjennom frivilligkveldane og kartlegginga av frivillige lag i Gloppen har vi fått inn mange gode innspel til kommunedelplan for frivilligheit. Vi har fått innblikk i dykkar arbeid, behov og ønsker, og har delteke i gode diskusjonar om viktige tema. Vi set stor pris på at de tek dykk tid til å delta.

Kontakt

Postboks 67
6821 Sandane

Sosiale media

2026 © Foreningsportal