-
Rusfri 16. mai natt
No er det snart klart for årets store rusfrie happening🤩 Bli med på kjekke konkurransar og lotteri med trekning av flotte premiar🎤🎶🤞 Vi er overbevist om at det blir ein kjekk kveld med god mat og mykje action🌮🥗🌯
Open Hall 11. mai
Søndag 11. mai er det på nytt open hall i Trivselshagen bad og idrett. Frå kl. 12-15.00 kan alle som ynskjer det kome og vere i aktivitet heilt gratis på våre hallflater.Søndag 11. mai er det på nytt open hall i Trivselshagen bad og idrett. Frå kl. 12-15.00 kan alle som ynskjer det kome og vere i aktivitet heilt gratis på våre hallflater. Vi har som vanleg tilbod om følgjande:
- Aktivitetsløyper i Firdahall
- Rulleskøyter/skateboard på bane 1 i storhall
- Pickleball/badminton og volleyball på bane 3 i storhall
- Den aktiviteten du ynskjer, som t.d. basketball, innebandy, kanonball etc. på bane 2 i storhall
I tillegg vil vi legge til rette for at ein kan spele spikeball og prøve Blazepods på bane 1 i storhallen.
Viss vi får nok frivillige med oss vil klatreveggen vere open under delar av arrangementet.
Per no har vi ikkje frivillige med sikringskurs, som kan stå i turnhall, så denne vil dessverre halde stengt.
Har du brattkortkurs og/eller sikringskurs og vil hjelpe til under open hall kan du kontakte Kari Arnestad på telefonnummer: 921 20 505
Spre ordet og ta turen til hallen på søndag!
Del på:
-
Kartlegging av frivillige lag i Gloppen – utvida frist
Vi vil gjerne takke alle frivillige som stilte opp på frivilligkveldane i Hyen 16. april, Breim 23. april og på Sandane 27. april! Både gjennom frivilligkveldane og kartlegginga av frivillige lag i Gloppen har vi fått inn mange gode innspel til kommunedelplan for frivilligheit. Vi har fått innblikk i dykkar arbeid, behov og ønsker, og har delteke i gode diskusjonar om viktige tema. Vi set stor pris på at de tek dykk tid til å delta.
-
Bli med på frivilligkveld
Frivilligkveldane er ein møteplass for frivillige lag i Gloppen, der kommunen inviterer til dialog om frivilligheit og samarbeid.
-
Landsbylaurdagar i 2026
Landsbylaurdag er ein møteplass der lag- og organisasjonar kan vise fram sin aktivitet, og bidra til å skape liv og røre på Heradsplassen og Fjordlandsbyen. Målet er at Landsbylaurdag arrangementa skal vere noko som ulike lag og organisasjonar skapar og arrangerer i lag. Vi oppmodar lag- og organisasjonar om å melde seg på og bruke denne møteplassen aktivt!
-
Oppvekstplan 2026-2036 på høyring
Helse- og oppvekstutvalet vedtok 4. mars å legge oppvekstplanen ut på høyring.