-
Rusfri 16. mai natt
No er det snart klart for årets store rusfrie happening🤩 Bli med på kjekke konkurransar og lotteri med trekning av flotte premiar🎤🎶🤞 Vi er overbevist om at det blir ein kjekk kveld med god mat og mykje action🌮🥗🌯
Open Hall 13. april
🐥Open hall 13. april med påskeegg jakt🐥 Førstkomande søndag arrangerer vi gratis open hall kl. 12-15 i Trivselshallen 😄 Vi vil dessverre ikkje ha open klatrevegg eller turnhall denne gongen, men ein kan likevel gjer mykje kjekt i resten av anlegget!
Europris Sandane har sponsa oss med påskeegg, som vi gøymer rundt om i hallen (både oppe og nede). Born og ungdom kan leite etter påskeegg frå kl. 12.00. Det er KUN 1 egg per person, så har du fått eit påskeegg kan du ikkje finne fleire. Viss du finn eit egg må du gå til resepsjon og registrere funn NB! Det vil ikkje bli gøymt nokre egg inn på dei ulike lagera våre nede! Tusen takk til Europris som sponsa 20 påskeegg til open hall Det blir laserskyting på løpebana i Trivselshallen
Det blir boblefotball på bane 1 i Trivselshallen. Denne gongen har vi ikkje frivillige som passar på kø, så fint vist føresatte tar eit ekstra ansvar slik at alle får prøve, og ting går fint føre seg![]()
![]()
På andre halvdel av bane 1 kan ein prøve rulleskøyter og skateboard![]()
![]()
På bane 3 i Trivselshallen kan ein spele volleyball, badminton eller basketball.![]()
I Firdahallen lagar vi som vanleg til ulike stasjonar der ein kan vere i aktivitet.
For å opne klatrevegg og turnhall treng vi frivillige med brattkortkurs og sikringskurs på trampoline. Viss du har dette og ynskjer å vere frivillig under open hall, ta gjerne kontakt med oss
Del på:
-
Kartlegging av frivillige lag i Gloppen – utvida frist
Vi vil gjerne takke alle frivillige som stilte opp på frivilligkveldane i Hyen 16. april, Breim 23. april og på Sandane 27. april! Både gjennom frivilligkveldane og kartlegginga av frivillige lag i Gloppen har vi fått inn mange gode innspel til kommunedelplan for frivilligheit. Vi har fått innblikk i dykkar arbeid, behov og ønsker, og har delteke i gode diskusjonar om viktige tema. Vi set stor pris på at de tek dykk tid til å delta.
-
16. april 2026 får mange innbyggjarar i Vestland invitasjon til å delta i folkehelseundersøkinga. Førre gong dette skjedde var i 2022. Då hadde Gloppen veldig god svarprosent, og vi fekk informasjon som vi har hatt god nytte av. Vi håper derfor at like mange svarar denne gongen: Dess fleire som svarar, dess meir nytte har vi av undersøkinga her i Gloppen!
-
Bli med på frivilligkveld
Frivilligkveldane er ein møteplass for frivillige lag i Gloppen, der kommunen inviterer til dialog om frivilligheit og samarbeid.
-
Landsbylaurdagar i 2026
Landsbylaurdag er ein møteplass der lag- og organisasjonar kan vise fram sin aktivitet, og bidra til å skape liv og røre på Heradsplassen og Fjordlandsbyen. Målet er at Landsbylaurdag arrangementa skal vere noko som ulike lag og organisasjonar skapar og arrangerer i lag. Vi oppmodar lag- og organisasjonar om å melde seg på og bruke denne møteplassen aktivt!