-
Rusfri 16. mai natt
No er det snart klart for årets store rusfrie happening🤩 Bli med på kjekke konkurransar og lotteri med trekning av flotte premiar🎤🎶🤞 Vi er overbevist om at det blir ein kjekk kveld med god mat og mykje action🌮🥗🌯
SSF KM Futsal 13-19 år
Det nærmar seg sluttspel i SSF KM Futsal 13-19 år som blir arrangert i Trivselshallen på Sandane 1.-2.mars, med Sandane TIL som teknisk arrangør. Heile 112 lag har fått plass i sluttsspelet og skal spele om årets KM-titlar i futsal.Lag til sluttspel laurdag 1.mars: Jenter/Gutar 14 år, Jenter/Gutar 16 år, Jenter 19 år
Lag til sluttspel søndag 2.mars: Jenter/Gutar 13 år, Jenter/Gutar 15 år, Gutar 19 år
Her finn dykk kampoppsett til årets sluttspel:
Kampoppsett SSF KM Futsal 2025
Vi ønskjer alle klubbar og lag masse lukke til og minner om at vi alle har eit ansvar for å legge til rette for Fair play, både på bana og på sidelinja.
"Det handlar om respekt, ikkje sant"?
Del på:
-
Kartlegging av frivillige lag i Gloppen – utvida frist
Vi vil gjerne takke alle frivillige som stilte opp på frivilligkveldane i Hyen 16. april, Breim 23. april og på Sandane 27. april! Både gjennom frivilligkveldane og kartlegginga av frivillige lag i Gloppen har vi fått inn mange gode innspel til kommunedelplan for frivilligheit. Vi har fått innblikk i dykkar arbeid, behov og ønsker, og har delteke i gode diskusjonar om viktige tema. Vi set stor pris på at de tek dykk tid til å delta.
-
16. april 2026 får mange innbyggjarar i Vestland invitasjon til å delta i folkehelseundersøkinga. Førre gong dette skjedde var i 2022. Då hadde Gloppen veldig god svarprosent, og vi fekk informasjon som vi har hatt god nytte av. Vi håper derfor at like mange svarar denne gongen: Dess fleire som svarar, dess meir nytte har vi av undersøkinga her i Gloppen!
-
Bli med på frivilligkveld
Frivilligkveldane er ein møteplass for frivillige lag i Gloppen, der kommunen inviterer til dialog om frivilligheit og samarbeid.
-
Landsbylaurdagar i 2026
Landsbylaurdag er ein møteplass der lag- og organisasjonar kan vise fram sin aktivitet, og bidra til å skape liv og røre på Heradsplassen og Fjordlandsbyen. Målet er at Landsbylaurdag arrangementa skal vere noko som ulike lag og organisasjonar skapar og arrangerer i lag. Vi oppmodar lag- og organisasjonar om å melde seg på og bruke denne møteplassen aktivt!