-
Rusfri 16. mai natt
No er det snart klart for årets store rusfrie happening🤩 Bli med på kjekke konkurransar og lotteri med trekning av flotte premiar🎤🎶🤞 Vi er overbevist om at det blir ein kjekk kveld med god mat og mykje action🌮🥗🌯
Temakveld om barn og fritidsaktivitetar 11.mars
Gloppen kommune inviterer foreldre og frivillege i aktivitetstilbod for barn til samtale og refleksjon i lag. I arbeidet med oppvekstplanen har vi fått innspel om fritid, frivilligheit og organiserte aktivitetar som det kan vere verdt å snakke i lag om! Kom til kinosalen tysdag 11. mars 2025 kl 18-20Program
Velkommen ved kommunalsjef oppvekst og kultursjefen.
Informasjonsutveksling: Kommunen og frivilligsentralen informerer. Om organisasjonane har info dei vil dele med kvarandre, kan dei gjere det!
Ungdata 2024: Kva veit vi om barn og unge si fritid i Gloppen?
Oppvekstplan, tema fritid: Info om kva innspel som har kome inn, og gruppearbeid om spørsmåla i under:
- Kva skal til for å ta vare på det gode fritidstilbodet vi har i Gloppen?
- Kan vi bli betre på inkludering? Kven kan bidra?
- Fri, eigenstyrt leik er viktig for barns utvikling. Korleis kan vi heie fram det?
Vel møtt til samtale om viktige tema!
Del på:
-
Kartlegging av frivillige lag i Gloppen – utvida frist
Vi vil gjerne takke alle frivillige som stilte opp på frivilligkveldane i Hyen 16. april, Breim 23. april og på Sandane 27. april! Både gjennom frivilligkveldane og kartlegginga av frivillige lag i Gloppen har vi fått inn mange gode innspel til kommunedelplan for frivilligheit. Vi har fått innblikk i dykkar arbeid, behov og ønsker, og har delteke i gode diskusjonar om viktige tema. Vi set stor pris på at de tek dykk tid til å delta.
-
16. april 2026 får mange innbyggjarar i Vestland invitasjon til å delta i folkehelseundersøkinga. Førre gong dette skjedde var i 2022. Då hadde Gloppen veldig god svarprosent, og vi fekk informasjon som vi har hatt god nytte av. Vi håper derfor at like mange svarar denne gongen: Dess fleire som svarar, dess meir nytte har vi av undersøkinga her i Gloppen!
-
Bli med på frivilligkveld
Frivilligkveldane er ein møteplass for frivillige lag i Gloppen, der kommunen inviterer til dialog om frivilligheit og samarbeid.
-
Landsbylaurdagar i 2026
Landsbylaurdag er ein møteplass der lag- og organisasjonar kan vise fram sin aktivitet, og bidra til å skape liv og røre på Heradsplassen og Fjordlandsbyen. Målet er at Landsbylaurdag arrangementa skal vere noko som ulike lag og organisasjonar skapar og arrangerer i lag. Vi oppmodar lag- og organisasjonar om å melde seg på og bruke denne møteplassen aktivt!