-
Open Hall 11. mai
Søndag 11. mai er det på nytt open hall i Trivselshagen bad og idrett. Frå kl. 12-15.00 kan alle som ynskjer det kome og vere i aktivitet heilt gratis på våre hallflater.
Vi feirer kvinnedagen 8. mars
Velkomen til 8. mars-kafèmøte på Sandane med lett program, kaffi og kaker.Velkomen til markering av kvinnedagen laurdag 8. mars klokka 12 på Gloppetun på Sandane (2. høgda over Gloppebua)
Du får oppleve: Appellar, diktlesing og song og musikk. Og tradisjonen tru vert det heider til tre kvinnfolk i Gloppen ved Hege Lothe. Programleiar for det heile er Julie Kristin Lothe.
Det blir saft, kaffi og te og kaker. Alt dette, heilt gratis!
Arrangørar er Gloppen bygdekvinnelag, Gloppen frivilligsentral, Gloppen Mållag, Gloppen SV, Gloppen Ap og Gloppen Sp.
Vi ynskjer folk i alle aldrar velkomen til ei gratis og flott markering av kvinnedagen!
Del på:
-
Temakveld om foreldrerolle og robuste barn 29. april
Førre veke var over 300 foreldre på foredrag av Line Warholm, og det var mykje engasjement i salen - vi held fram praten! Bli med på temakveld tysdag 29. april 2025, kl. 18-20, i kommunestyresalen ved heradshuset.
-
Open Hall 13. april
🐥Open hall 13. april med påskeegg jakt🐥 Førstkomande søndag arrangerer vi gratis open hall kl. 12-15 i Trivselshallen 😄 Vi vil dessverre ikkje ha open klatrevegg eller turnhall denne gongen, men ein kan likevel gjer mykje kjekt i resten av anlegget!
-
GHK Basar 23.mars
Velkomne til basar! 🤩 Søndag 23. mars kl 16.00 inviterer GHK til god gammaldags basar med øje god stemning i Gimle.
-
Temakveld om barn og fritidsaktivitetar 11.mars
Gloppen kommune inviterer foreldre og frivillege i aktivitetstilbod for barn til samtale og refleksjon i lag. I arbeidet med oppvekstplanen har vi fått innspel om fritid, frivilligheit og organiserte aktivitetar som det kan vere verdt å snakke i lag om! Kom til kinosalen tysdag 11. mars 2025 kl 18-20