-
Rusfri 16. mai natt
No er det snart klart for årets store rusfrie happening🤩 Bli med på kjekke konkurransar og lotteri med trekning av flotte premiar🎤🎶🤞 Vi er overbevist om at det blir ein kjekk kveld med god mat og mykje action🌮🥗🌯
Open Hall 23. februar
Avslutt vinterferien med moro for heile familien⛹️♀️🏸🥅🏑🛹🤸♂️Søndag 23. februar kl. 12-15.00 er det open hall i Trivselshallen Denne søndagen kan du forvente følgjande:
Fjellhug/Vereide lånar oss nok ein gong lasergevær og blink, som du kan prøve på friidrettsbana nede i storhallen!
Subben har kjøpt inn Blazepod reaksjonslys, som vi er så heldige og få prøve ut denne søndagen. Reaksjonslysa byr på mange kjekke utfordringa og du kan prøve dei nede i storhallen ved friidrettsbana!
Vi set ut skateboard og rulleskøyter![]()
Vi får og bruke Subben sine boblefotballar, som du finn nede på bana rett ved klatreveggen.Vi har eit par frivillige som stiller opp og sikrar 1-2 timar i klatreveggen. Får vi ikkje fleire frivillige til sikring vil vi dessverre ha eit begrensa tilbod om klatring denne søndagen. Ta kontakt med oss om du kunne har mulighet til å sikre i klatreveggen
![]()
Vi set opp badminton og volleyballnett på bane 3, samt tar ut diverse utstyr du kan bruke. Driv med den aktiviteten du vil på bane 2 i storhallen ![]()
I Firdahallen kan du boltre deg på ulike aktivitetsstasjonar
I periodar vil turnhallen vere open slik at ein kan prøve ut både trampoline, skomgrop og parkourløype.
Ta med deg gjengen for ein aktiv dag i hallen søndag 23. februar
Del på:
-
Kartlegging av frivillige lag i Gloppen – utvida frist
Vi vil gjerne takke alle frivillige som stilte opp på frivilligkveldane i Hyen 16. april, Breim 23. april og på Sandane 27. april! Både gjennom frivilligkveldane og kartlegginga av frivillige lag i Gloppen har vi fått inn mange gode innspel til kommunedelplan for frivilligheit. Vi har fått innblikk i dykkar arbeid, behov og ønsker, og har delteke i gode diskusjonar om viktige tema. Vi set stor pris på at de tek dykk tid til å delta.
-
16. april 2026 får mange innbyggjarar i Vestland invitasjon til å delta i folkehelseundersøkinga. Førre gong dette skjedde var i 2022. Då hadde Gloppen veldig god svarprosent, og vi fekk informasjon som vi har hatt god nytte av. Vi håper derfor at like mange svarar denne gongen: Dess fleire som svarar, dess meir nytte har vi av undersøkinga her i Gloppen!
-
Bli med på frivilligkveld
Frivilligkveldane er ein møteplass for frivillige lag i Gloppen, der kommunen inviterer til dialog om frivilligheit og samarbeid.
-
Landsbylaurdagar i 2026
Landsbylaurdag er ein møteplass der lag- og organisasjonar kan vise fram sin aktivitet, og bidra til å skape liv og røre på Heradsplassen og Fjordlandsbyen. Målet er at Landsbylaurdag arrangementa skal vere noko som ulike lag og organisasjonar skapar og arrangerer i lag. Vi oppmodar lag- og organisasjonar om å melde seg på og bruke denne møteplassen aktivt!