-
Rusfri 16. mai natt
No er det snart klart for årets store rusfrie happening🤩 Bli med på kjekke konkurransar og lotteri med trekning av flotte premiar🎤🎶🤞 Vi er overbevist om at det blir ein kjekk kveld med god mat og mykje action🌮🥗🌯
Open Hall 15. desember
Hiv dokke rundt og bli med på siste Open Hall i 2024🏒🥅🏸🎾!!! Denne gongen drar vi også til med førjulsmoro og konkurransar🎅🏻🎄🍭🏆Vi trur nissen kjem til å gøyme litt godsaker rundt om i hallen, så kanskje nokon heldige barn og unge finne seg noko godt
Meir info om akkurat dette blir lagt ut etter kvart ![]()
![]()
Ellers kan du forvente følgjande aktivitetar:
🎯 Skyting med lasergevær på friidrettsbana! Vi er så heldige å ha kjekke idrettslag i kommunen, som lånar oss utstyr slik at vi kan prøve det under open hall👏
🧗♀️ Som vanleg vil vi ha tilbod om klatring, så lenge vi får på plass nok frivillige.
🤸♀️Dette gjeld også for turnhall - har vi nok frivillige vil denne vere open.
💥 Firdahallen blir rigga med ulike aktivitetsstasjonar
🛼 Vi setter ut rulleskøyter og skateboard i hallen nede
🏸 Frå 13.00 kan du spele badminton, volleyball og/eller basketball på bane 3 i hallen nede. Eller kan du drive med den aktiviteten du sjølv ynskjer der det er plass.
PS: Det er 1 handballkamp på bane 1 (kanskje vi får flytta den til bane 3) nede i storhallen frå kl. 12 denne søndagen, så fint om alle som kjem kan passe på at vi tar hensyn til det 😃
Vi gleda oss til å sjå dokke i hallen 15. desember kl. 12-15 😃 Spre ordet!
Del på:
-
Kartlegging av frivillige lag i Gloppen – utvida frist
Vi vil gjerne takke alle frivillige som stilte opp på frivilligkveldane i Hyen 16. april, Breim 23. april og på Sandane 27. april! Både gjennom frivilligkveldane og kartlegginga av frivillige lag i Gloppen har vi fått inn mange gode innspel til kommunedelplan for frivilligheit. Vi har fått innblikk i dykkar arbeid, behov og ønsker, og har delteke i gode diskusjonar om viktige tema. Vi set stor pris på at de tek dykk tid til å delta.
-
16. april 2026 får mange innbyggjarar i Vestland invitasjon til å delta i folkehelseundersøkinga. Førre gong dette skjedde var i 2022. Då hadde Gloppen veldig god svarprosent, og vi fekk informasjon som vi har hatt god nytte av. Vi håper derfor at like mange svarar denne gongen: Dess fleire som svarar, dess meir nytte har vi av undersøkinga her i Gloppen!
-
Bli med på frivilligkveld
Frivilligkveldane er ein møteplass for frivillige lag i Gloppen, der kommunen inviterer til dialog om frivilligheit og samarbeid.
-
Landsbylaurdagar i 2026
Landsbylaurdag er ein møteplass der lag- og organisasjonar kan vise fram sin aktivitet, og bidra til å skape liv og røre på Heradsplassen og Fjordlandsbyen. Målet er at Landsbylaurdag arrangementa skal vere noko som ulike lag og organisasjonar skapar og arrangerer i lag. Vi oppmodar lag- og organisasjonar om å melde seg på og bruke denne møteplassen aktivt!