-
Rusfri 16. mai natt
No er det snart klart for årets store rusfrie happening🤩 Bli med på kjekke konkurransar og lotteri med trekning av flotte premiar🎤🎶🤞 Vi er overbevist om at det blir ein kjekk kveld med god mat og mykje action🌮🥗🌯
NM i 5-kamp på Sandane
Dette kan du ikkje gå glipp av👇 14-15. september arrangerer Breimsbygda idrettslag NM i 5-kamp i Trivselshallen 🏋️♀️ Denne helga skal mange gode utøvarar i aksjon, så ta turen til hallen og bli med å heie dei fram, spesielt våre dyktige lokale deltakarar👏14.–15. september arrangerer Breimsbygda IL NM i 5-kamp på Sandane. 76 deltakarar er påmelde. Sjå startlista for NM 5-kamp 2024 her.
Stevnestart: Laurdag 14. og søndag 15. september, kl. 09.00 begge dagar.
Puljeinndeling:
Laurdag 14.09
Pulje 1: 13-14 år menn
Pulje 2: 19-23 år kvinner
Pulje 3: 15-16 år kvinner og menn
Pulje 4: 17-18 år kvinner og menn
Pulje 5: 19-23 år menn
Søndag 15.09
Pulje 6: 24-34 år og +35 kvinner
Pulje 7: 24-34 år og +35 menn
Del på:
-
Kartlegging av frivillige lag i Gloppen – utvida frist
Vi vil gjerne takke alle frivillige som stilte opp på frivilligkveldane i Hyen 16. april, Breim 23. april og på Sandane 27. april! Både gjennom frivilligkveldane og kartlegginga av frivillige lag i Gloppen har vi fått inn mange gode innspel til kommunedelplan for frivilligheit. Vi har fått innblikk i dykkar arbeid, behov og ønsker, og har delteke i gode diskusjonar om viktige tema. Vi set stor pris på at de tek dykk tid til å delta.
-
Bli med på frivilligkveld
Frivilligkveldane er ein møteplass for frivillige lag i Gloppen, der kommunen inviterer til dialog om frivilligheit og samarbeid.
-
Landsbylaurdagar i 2026
Landsbylaurdag er ein møteplass der lag- og organisasjonar kan vise fram sin aktivitet, og bidra til å skape liv og røre på Heradsplassen og Fjordlandsbyen. Målet er at Landsbylaurdag arrangementa skal vere noko som ulike lag og organisasjonar skapar og arrangerer i lag. Vi oppmodar lag- og organisasjonar om å melde seg på og bruke denne møteplassen aktivt!
-
Oppvekstplan 2026-2036 på høyring
Helse- og oppvekstutvalet vedtok 4. mars å legge oppvekstplanen ut på høyring.