-
Rusfri 16. mai natt
No er det snart klart for årets store rusfrie happening🤩 Bli med på kjekke konkurransar og lotteri med trekning av flotte premiar🎤🎶🤞 Vi er overbevist om at det blir ein kjekk kveld med god mat og mykje action🌮🥗🌯
Open Hall 22. september
Hausten er her og det er på tide å starte opp att med Open hall i Trivselshagen bad og idrett 🙂 Vi gleda oss veldig til vår første Open hall, som blir søndag 22. september kl. 12-15.00.22. september kan du forvente følgjande
- Vi organiserer turn- og firdahall med ulike aktivitetsstasjonar, slik at små og store kan boltre seg i hallen.
- I turnhall vil det vere mogeleg å hoppe på stor trampoline og nytte seg av skomgrop
- I Trivselshallen legg vi til rette for at ein kan drive med den aktiviteten ein sjølv ønskjer, som til dømes volleyball, basketball, badminton, rulleskøyter/skateboard, innebandy etc.
- Viss vi får nok frivillige vil det i tillegg vere tilbod om klatring.
- I resepsjonen kan du kjøpe mykje godt, som til dømes pizza og skinkebollar.
Kva er open hall?
Open hall er eit initiativ der alle som vil kan kome til Trivselshagen bad og idrett, og vere i aktivitet heilt gratis kl. 12-15 ein søndag kvar månad. Målet med open hall er å skape ein møteplass der ein kan kome saman, vere aktive og sosiale i lag med kvarandre. Hovudfokuset ligg på eigenorganisert aktivitet der ein sjølv står ansvarleg for aktivisering innanfor dei rammene vi har. Under nokre open hall arrangement kan det hende det dukkar opp tilbod om organiserte aktivitetar, der ein instruktør/frivillig står i spissen for å vise fram/lære andre om sin aktivitet. Trivselsbadet er dessverre ikkje ein del av open hall.
Lyst å hjelpe?
Det kan vere enkle oppgåver som å rigge til og rydde i hallen eller organisere kø til aktivitetane. Har du brattkort eller sikringskurs? Idèar til aktivitetar eller andre ferdigheiter som kan kome til nytte i Open Hall?
Vi set pris på alle bidrag!
Ta kontakt med Gloppen Frivilligsentral Tlf: 921 20 505 eller send ein epost til post@gloppen.frivilligsentral.no
Del på:
-
Kartlegging av frivillige lag i Gloppen – utvida frist
Vi vil gjerne takke alle frivillige som stilte opp på frivilligkveldane i Hyen 16. april, Breim 23. april og på Sandane 27. april! Både gjennom frivilligkveldane og kartlegginga av frivillige lag i Gloppen har vi fått inn mange gode innspel til kommunedelplan for frivilligheit. Vi har fått innblikk i dykkar arbeid, behov og ønsker, og har delteke i gode diskusjonar om viktige tema. Vi set stor pris på at de tek dykk tid til å delta.
-
Bli med på frivilligkveld
Frivilligkveldane er ein møteplass for frivillige lag i Gloppen, der kommunen inviterer til dialog om frivilligheit og samarbeid.
-
Landsbylaurdagar i 2026
Landsbylaurdag er ein møteplass der lag- og organisasjonar kan vise fram sin aktivitet, og bidra til å skape liv og røre på Heradsplassen og Fjordlandsbyen. Målet er at Landsbylaurdag arrangementa skal vere noko som ulike lag og organisasjonar skapar og arrangerer i lag. Vi oppmodar lag- og organisasjonar om å melde seg på og bruke denne møteplassen aktivt!
-
Oppvekstplan 2026-2036 på høyring
Helse- og oppvekstutvalet vedtok 4. mars å legge oppvekstplanen ut på høyring.