-
GHK Basar 23.mars
Velkomne til basar! 🤩 Søndag 23. mars kl 16.00 inviterer GHK til god gammaldags basar med øje god stemning i Gimle.
Søknad om momskompensasjon for frivillige lag- og foreiningar
Har din organisasjon hugsa å søke om momskompensasjon? Det er ope for søknader og fristen er 2. september!!!Frivillige organisasjonar som er registrerte i Frivilligregisteret kan søkje på ordninga. Frivillig innsats må vere ein viktig del av verksemda som det blir søkt kompensasjon for. Alle mottakarar av momskompensasjon må vere registrerte i Frivilligregisteret innan 1. september 2023. Dette gjeld også dei som søkjer via sitt sentralledd. Hugs at registrering kan ta litt tid.
Sentralledd har eigne fristar for rapportering frå underledda sine. Sjå den aktuelle organisasjonen sine nettsider, eller ta kontakt med sentralleddet for meir informasjon.
Det kan søkjast etter to modellar:
Forenkla modell og dokumentert modell. Minstegrensa for å søkje etter forenkla modell er 100 000 kr i søknadsgrunnlag, og etter dokumentert modell er det 7 000 i faktiske meirverdiavgiftskostnader. Grensene gjeld ikkje for underledd.
Du finn informasjon om ordninga og søknadsskjema på nettsida:
Momskompensasjon på varer og tjenester - Lottstift
Her ligg også informasjon om oppdateringar de må vite om i 2024.
Del på:
-
Kulturmidlar til lag og organisasjonar
Fristen for lag- og organisasjonar som vil søkje om kulturmidlar er 1. april 2025.
-
SSF KM Futsal 13-19 år
Det nærmar seg sluttspel i SSF KM Futsal 13-19 år som blir arrangert i Trivselshallen på Sandane 1.-2.mars, med Sandane TIL som teknisk arrangør. Heile 112 lag har fått plass i sluttsspelet og skal spele om årets KM-titlar i futsal.
-
Temakveld om barn og fritidsaktivitetar 11.mars
Gloppen kommune inviterer foreldre og frivillege i aktivitetstilbod for barn til samtale og refleksjon i lag. I arbeidet med oppvekstplanen har vi fått innspel om fritid, frivilligheit og organiserte aktivitetar som det kan vere verdt å snakke i lag om! Kom til kinosalen tysdag 11. mars 2025 kl 18-20
-
Vi feirer kvinnedagen 8. mars
Velkomen til 8. mars-kafèmøte på Sandane med lett program, kaffi og kaker.