-
Rusfri 16. mai natt
No er det snart klart for årets store rusfrie happening🤩 Bli med på kjekke konkurransar og lotteri med trekning av flotte premiar🎤🎶🤞 Vi er overbevist om at det blir ein kjekk kveld med god mat og mykje action🌮🥗🌯
Oppdatering i foreningsportalen
Har ditt lag/din organisasjon hugsa å oppdatere opplysningane dine i Foreningsportalen? Hvis ikkje er det på tide å gjere det no! Portalen har eit stort potensiale som ikkje er nytta. Dess fleire som brukar den aktivt dess bedre blir den!Gloppen Foreningsportal er eit samarbeid mellom Gloppen Kommune og Gloppen Frivilligsentral. Målet er å gje oversikt over alle frivillige lag- og organisasjonar i Gloppen.
Per idag ligg der inne over 200 frivillige lag- og organisasjonar. Gloppen Frivilligsentral har ansvaret for å legge inn opplysningar og å drifte portalen, men lag/foreningar som er lagt inn kan få tilgong til å redigere eigne opplysningar. Dess fleire som engasjerer seg dess bedre blir portalen! Samtidig kan den vere ei god muligheit for ditt lag til å nå ut til fleire og å synleggjere aktiviteten de har, både for nye medlemer og samarbeidspartar.
Vi ønskjer aktivitet på sida så ta gjerne kontakt med innspel til nyheiter eller anna innhald, ris og/eller ros.
Kontakt Gloppen Frivilligsentral på post@gloppen.frivilligsentral.no eller på telefon 921 20 505
Del på:
-
Kartlegging av frivillige lag i Gloppen – utvida frist
Vi vil gjerne takke alle frivillige som stilte opp på frivilligkveldane i Hyen 16. april, Breim 23. april og på Sandane 27. april! Både gjennom frivilligkveldane og kartlegginga av frivillige lag i Gloppen har vi fått inn mange gode innspel til kommunedelplan for frivilligheit. Vi har fått innblikk i dykkar arbeid, behov og ønsker, og har delteke i gode diskusjonar om viktige tema. Vi set stor pris på at de tek dykk tid til å delta.
-
16. april 2026 får mange innbyggjarar i Vestland invitasjon til å delta i folkehelseundersøkinga. Førre gong dette skjedde var i 2022. Då hadde Gloppen veldig god svarprosent, og vi fekk informasjon som vi har hatt god nytte av. Vi håper derfor at like mange svarar denne gongen: Dess fleire som svarar, dess meir nytte har vi av undersøkinga her i Gloppen!
-
Bli med på frivilligkveld
Frivilligkveldane er ein møteplass for frivillige lag i Gloppen, der kommunen inviterer til dialog om frivilligheit og samarbeid.
-
Oppvekstplan 2026-2036 på høyring
Helse- og oppvekstutvalet vedtok 4. mars å legge oppvekstplanen ut på høyring.