-
Rusfri 16. mai natt
No er det snart klart for årets store rusfrie happening🤩 Bli med på kjekke konkurransar og lotteri med trekning av flotte premiar🎤🎶🤞 Vi er overbevist om at det blir ein kjekk kveld med god mat og mykje action🌮🥗🌯
Prosjekt Eggenibberåsa
No blir det jobba på spreng for å få på plass sti tur retur Eggenibba. Her har både frivillige lag- og organisasjonar, skuleklasser, enkelt-frivillige og profesjonelle vore i sving i timar og dagar. Mykje arbeid gjenstår så treng laget ditt pengar til aktivitetet er sjangsen der no til trim, teambuilding og pengar. I tillegg bidreg du til ei god sak. Reine Kinderegget!Prosjekt Nibberåsa vil legge til rette for ein betre sti til og frå toppen, og slik gjere fjellet meir tilgjengeleg for folk flest.
I dag er dette ein tur mange kvir seg på å gå då det tidvis er veldig bratt og smalt, og du må halde deg i kjetting for å forsere enkelte parti. Dette skremmer mange frå å legge ut på turen.
Målgruppa for prosjektet er born, ungdom, vaksne og eldre, samt turistar og andre besøkande som er glad i å gå i fjellet. Målet er at alle skal ha ei kjekk oppleving ute i naturen, gå meir på tur og bli sterkare, friskare og meir uthaldande.
Føl med på facebook sida deira for spennande bilder og oppdateringar!
Treng laget ditt pengar til aktivitet?
Nibberåsa treng dugnadshjelp til arbeid med stiprosjektet til Eggenipa. Oppgåver kan vere alt frå snekring, graving, steinarbeid eller bæring. Vi inviterer lag og organisasjonar som ønskjer å bidra til dugnadsarbeid på stien til Eggenipa.
Arbeid som blir lagt ned blir kompensert utifrå omfang og karakter.
Om dette er interessant, ta kontakt med Arve Kleppe arve@enivest.net eller tlf. 99524500.
Del på:
-
Kartlegging av frivillige lag i Gloppen – utvida frist
Vi vil gjerne takke alle frivillige som stilte opp på frivilligkveldane i Hyen 16. april, Breim 23. april og på Sandane 27. april! Både gjennom frivilligkveldane og kartlegginga av frivillige lag i Gloppen har vi fått inn mange gode innspel til kommunedelplan for frivilligheit. Vi har fått innblikk i dykkar arbeid, behov og ønsker, og har delteke i gode diskusjonar om viktige tema. Vi set stor pris på at de tek dykk tid til å delta.
-
16. april 2026 får mange innbyggjarar i Vestland invitasjon til å delta i folkehelseundersøkinga. Førre gong dette skjedde var i 2022. Då hadde Gloppen veldig god svarprosent, og vi fekk informasjon som vi har hatt god nytte av. Vi håper derfor at like mange svarar denne gongen: Dess fleire som svarar, dess meir nytte har vi av undersøkinga her i Gloppen!
-
Bli med på frivilligkveld
Frivilligkveldane er ein møteplass for frivillige lag i Gloppen, der kommunen inviterer til dialog om frivilligheit og samarbeid.
-
Oppvekstplan 2026-2036 på høyring
Helse- og oppvekstutvalet vedtok 4. mars å legge oppvekstplanen ut på høyring.