-
Rusfri 16. mai natt
No er det snart klart for årets store rusfrie happening🤩 Bli med på kjekke konkurransar og lotteri med trekning av flotte premiar🎤🎶🤞 Vi er overbevist om at det blir ein kjekk kveld med god mat og mykje action🌮🥗🌯
Norsk Countrytreff 2024 er igong!
10. -14. juli 2024 blir Norsk Countrytreff arrangert for 28. gang! I løpet av desse dagene vil ei lang rekke norske og internasjonale artistar gå på scena for å gje deg ei fantastisk musikalsk oppleving.Norsk Countrytreff er ei privat stifting med sete i Gloppen kommune. Stiftinga er etablert av Breimsbygda Idrettslag, Byrkjelo Ungdomslag, Breim Bygdeungdomslag, A/L Breimshallen, Breim Countryklubb, Stiftinga Norsk Fjordhestgard, Gloppen kommune og Sogn og Fjordane Fylkeskommune.
Komplett artistliste og program vert lansert på norskcountrytreff.no
Ein festival på Norsk Countrytreff sin storleik er eit stort løft, og mange frivillige er i sving for å kunne gjennomføre eit prikkfritt arrangement.
Lyst å hjelpe?
Registrering frivillig — Norsk Countrytreff
Som takk for innsatsen får du gratis dagbillettar til heile helga på hovudarena. Frå torsdag til søndag kan du delta på alle konsertar som er på Hesjestauren og i Kolbeins Saloon. Konsertar utanfor hovudarena er ikkje inkludert i billettane.
Lag, grupper og organisasjonar
Er du med i eit lag, gruppe eller organisasjon som treng pengar til ei investering eller til drift? Då kan ein gå dugnad under festivalen og tene pengar til laget.
Kontakt oss på frivillig@norskcountrytreff.no for meir opplysningar.
Del på:
-
Kartlegging av frivillige lag i Gloppen – utvida frist
Vi vil gjerne takke alle frivillige som stilte opp på frivilligkveldane i Hyen 16. april, Breim 23. april og på Sandane 27. april! Både gjennom frivilligkveldane og kartlegginga av frivillige lag i Gloppen har vi fått inn mange gode innspel til kommunedelplan for frivilligheit. Vi har fått innblikk i dykkar arbeid, behov og ønsker, og har delteke i gode diskusjonar om viktige tema. Vi set stor pris på at de tek dykk tid til å delta.
-
16. april 2026 får mange innbyggjarar i Vestland invitasjon til å delta i folkehelseundersøkinga. Førre gong dette skjedde var i 2022. Då hadde Gloppen veldig god svarprosent, og vi fekk informasjon som vi har hatt god nytte av. Vi håper derfor at like mange svarar denne gongen: Dess fleire som svarar, dess meir nytte har vi av undersøkinga her i Gloppen!
-
Bli med på frivilligkveld
Frivilligkveldane er ein møteplass for frivillige lag i Gloppen, der kommunen inviterer til dialog om frivilligheit og samarbeid.
-
Oppvekstplan 2026-2036 på høyring
Helse- og oppvekstutvalet vedtok 4. mars å legge oppvekstplanen ut på høyring.