FOREININGSPORTAL Foreiningar i Gloppen

Open Hall 16. juni

Siste Open Hall før skuleslutt! Sett av datoen!!! Det blir som før sett fram mykje kjekt utstyr til fri disposisjon både ute og inne. Vi jobbar fortsatt med aktivitetstilbodet denne dagen. Har du idèar og/eller kan bidra?

Open Hall er i hovedsak basert på eigenaktivisert aktivitet og leik men vi syns det er kjekt å kunne tilby muligheit for å prøve ut nye ting også. Denne gongen har vi planlagt boblefotball, skating, rulleskøyter, turn og klatring.

I gamle Firdahallen legg vi til rette for mange aktivitetar for dei litt mindre -forrige gong hadde Maria rigga til på ein utrulig fin måte -reine leikelandet der oppe!!!  

Lyst å hjelpe?
Det kan vere enkle oppgåver som å rigge til og rydde i hallen eller organisere kø til aktivitetane. Har du brattkort eller sikringskurs? Idèar til aktivitetar eller andre ferdigheiter som kan kome til nytte i Open Hall?  
Vi set pris på alle bidrag!
Ta kontakt med Gloppen Frivilligsentral Tlf: 921 20 505 eller send ein epost til post@gloppen.frivilligsentral.no 

Flere nyheter

Kartlegging av frivillige lag i Gloppen – utvida frist

Vi vil gjerne takke alle frivillige som stilte opp på frivilligkveldane i Hyen 16. april, Breim 23. april og på Sandane 27. april! Både gjennom frivilligkveldane og kartlegginga av frivillige lag i Gloppen har vi fått inn mange gode innspel til kommunedelplan for frivilligheit. Vi har fått innblikk i dykkar arbeid, behov og ønsker, og har delteke i gode diskusjonar om viktige tema. Vi set stor pris på at de tek dykk tid til å delta.

Kontakt

Postboks 67
6821 Sandane

Sosiale media

2026 © Foreningsportal