-
Rusfri 16. mai natt
No er det snart klart for årets store rusfrie happening🤩 Bli med på kjekke konkurransar og lotteri med trekning av flotte premiar🎤🎶🤞 Vi er overbevist om at det blir ein kjekk kveld med god mat og mykje action🌮🥗🌯
Open Hall 26. mai
Open Hall er i hovedsak basert på eigenaktivisert aktivitet og leik men vi syns det er kjekt å kunne tilby muligheit for å prøve ut nye ting også. Vi er veldig klare for neste open hall, som blir søndag 26. mai kl. 12:00-15:00. Fortsett å les for å sjå alt det kjekke du kan gjer denne søndagen 🏑🏐🕺🪢Er du gira på å lære deg nokre nye triks med hoppetau, og ha det kjekt i lag med andre på samme tid? Kay, som har litt av ein bakgrunn innan Rope Skipping, stiller opp frå kl. 12-13, for å lære deg litt av alt det kule ho kan! Sjå innlegg på instagram for å lese meir om bakgrunnen til Kay, den er heilt RÅ Ta turen ned i storhallen kl. 12, for ein kul aktivitet, som foreldre/besteforeldre kan gjer i lag med barn/barnebarn
Har du lyst på ei knallgod og kjekk treningsøkt? Då kan du kome aleine eller saman med vennegjengen og familien ned i storhallen kl. 14:00. Fjordboxen stiller opp for å halde treningsøkt for alle som måtte ønske! Økta er for alle og kan tilpassas alle nivå. Vi kan verkeleg anbefale å ta turen innom og bli med Fjordboxen på ei super økt Dei er dyktige!
Vi satsar i tillegg på å få til turn, og klatring, og vi har kjøpt mykje nytt og kjekt utstyr til fri disposisjon for besøkande!!! Blir det fint vær flyttar vi nokre av aktivitetane utandørs.
Lyst å hjelpe?
Det kan vere enkle oppgåver som å rigge til og rydde i hallen eller organisere kø til aktivitetane. Har du brattkort eller sikringskurs? Idèar til aktivitetar eller andre ferdigheiter som kan kome til nytte i Open Hall?
Vi set pris på alle bidrag!
Ta kontakt med Gloppen Frivilligsentral Tlf: 921 20 505 eller send ein epost til post@gloppen.frivilligsentral.no
Del på:
-
Kartlegging av frivillige lag i Gloppen – utvida frist
Vi vil gjerne takke alle frivillige som stilte opp på frivilligkveldane i Hyen 16. april, Breim 23. april og på Sandane 27. april! Både gjennom frivilligkveldane og kartlegginga av frivillige lag i Gloppen har vi fått inn mange gode innspel til kommunedelplan for frivilligheit. Vi har fått innblikk i dykkar arbeid, behov og ønsker, og har delteke i gode diskusjonar om viktige tema. Vi set stor pris på at de tek dykk tid til å delta.
-
16. april 2026 får mange innbyggjarar i Vestland invitasjon til å delta i folkehelseundersøkinga. Førre gong dette skjedde var i 2022. Då hadde Gloppen veldig god svarprosent, og vi fekk informasjon som vi har hatt god nytte av. Vi håper derfor at like mange svarar denne gongen: Dess fleire som svarar, dess meir nytte har vi av undersøkinga her i Gloppen!
-
Bli med på frivilligkveld
Frivilligkveldane er ein møteplass for frivillige lag i Gloppen, der kommunen inviterer til dialog om frivilligheit og samarbeid.
-
Landsbylaurdagar i 2026
Landsbylaurdag er ein møteplass der lag- og organisasjonar kan vise fram sin aktivitet, og bidra til å skape liv og røre på Heradsplassen og Fjordlandsbyen. Målet er at Landsbylaurdag arrangementa skal vere noko som ulike lag og organisasjonar skapar og arrangerer i lag. Vi oppmodar lag- og organisasjonar om å melde seg på og bruke denne møteplassen aktivt!