-
Rusfri 16. mai natt
No er det snart klart for årets store rusfrie happening🤩 Bli med på kjekke konkurransar og lotteri med trekning av flotte premiar🎤🎶🤞 Vi er overbevist om at det blir ein kjekk kveld med god mat og mykje action🌮🥗🌯
Open Hall
Open Hall 4. februar vart ein suksess!!! Vi har planar om å arrangere Open Hall 11 gongar til. Kan du bidra? Det kan vere enkle oppgåver som å rigge til og rydde i hallen eller organisere kø til aktivitetane. Har du brattkort eller sikringskurs? Idèar til aktivitetar eller andre ferdigheiter som kan kome til nytte i Open Hall?Vi hadde håpa på 150 besøkande men vi anslår at det var ca 500 personar innom i løpet av dei 3 timane arrangementet varte!!!
Her var god stemning og stor aktivitet på alle hallflatene, i turnhallen og i klatreveggen.
Det fantastiske oppmøtet viser at dette er eit tilbod det er behov for. Veldig kjekt å sjå at her var folk i alle aldrar og med ulik bakgrunn -mange som vi ikkje vanligvis har sett i hallen før. Her var også folk frå nabokommunane Stryn, Stadt og Sunnfjord Kommune.
Open Hall er i hovedsak basert på eigenaktivisert aktivitet og leik men vi syns det er kjekt å kunne tilby muligheit for å prøve ut nye ting også, denne gongen var det turn, klatring og boblefotball.
Både Maria, May-Britt og eg var i sving under arrangementet. I tillegg hadde vi med oss 2 turninstruktørar, 3 frå crewet på "Subben" og 4 frivillige i klatreveggen. Vi set stor pris på alle frivillige som var med å bidra denne gongen! Når det kjem så mykje folk er vi HEILT avhengige av hjelp frå frivillige!!! No håpar vi på fleire hender!!!
Lyst å hjelpe?
Vi set pris på alle bidrag!
Ta kontakt med Gloppen Frivilligsentral Tlf: 921 20 505 eller send ein epost til post@gloppen.frivilligsentral.no
Del på:
-
Kartlegging av frivillige lag i Gloppen – utvida frist
Vi vil gjerne takke alle frivillige som stilte opp på frivilligkveldane i Hyen 16. april, Breim 23. april og på Sandane 27. april! Både gjennom frivilligkveldane og kartlegginga av frivillige lag i Gloppen har vi fått inn mange gode innspel til kommunedelplan for frivilligheit. Vi har fått innblikk i dykkar arbeid, behov og ønsker, og har delteke i gode diskusjonar om viktige tema. Vi set stor pris på at de tek dykk tid til å delta.
-
16. april 2026 får mange innbyggjarar i Vestland invitasjon til å delta i folkehelseundersøkinga. Førre gong dette skjedde var i 2022. Då hadde Gloppen veldig god svarprosent, og vi fekk informasjon som vi har hatt god nytte av. Vi håper derfor at like mange svarar denne gongen: Dess fleire som svarar, dess meir nytte har vi av undersøkinga her i Gloppen!
-
Bli med på frivilligkveld
Frivilligkveldane er ein møteplass for frivillige lag i Gloppen, der kommunen inviterer til dialog om frivilligheit og samarbeid.
-
Landsbylaurdagar i 2026
Landsbylaurdag er ein møteplass der lag- og organisasjonar kan vise fram sin aktivitet, og bidra til å skape liv og røre på Heradsplassen og Fjordlandsbyen. Målet er at Landsbylaurdag arrangementa skal vere noko som ulike lag og organisasjonar skapar og arrangerer i lag. Vi oppmodar lag- og organisasjonar om å melde seg på og bruke denne møteplassen aktivt!