-
Rusfri 16. mai natt
No er det snart klart for årets store rusfrie happening🤩 Bli med på kjekke konkurransar og lotteri med trekning av flotte premiar🎤🎶🤞 Vi er overbevist om at det blir ein kjekk kveld med god mat og mykje action🌮🥗🌯
Julekveld i Trivselshagen
Tradisjonen tru feirer vi julekvelden i Trivselshagen. Det blir god mat og underhaldning ein kan nyte i godt selskap. Vi er igong med å planlegge arrangementet og vi har behov for frivillige denne kvelden, så sitte du aleine, eller har du berre lyst å bidra til at andre får ein fin julekveld er det berre å ta kontakt!Feiringa startar kl 16 i Kantina i Trivselshagen og vi held på fram til klokka 20.
Det blir servert julemiddag klokka 17 og etterfulgt av dessert, kaffi og julekaker.
Undervegs blir det lett underhaldning og om vi er heldige kjem nissen innom!
Prisar: vaksen kr 100,-
Barn kr 50,-
Familiar får rabatterte prisar.
Billettar får du gjennom Trivselshagen sitt billettsystem eller du kan ringe Frivilligsentralen på telefon 921 20 505.
Påmelding innan 20. desember!!!
Arrangementet er eit samarbeid mellom Trivselshagen, Frivilligsentralen, Coop Extra og Røde Kors.
Del på:
-
Kartlegging av frivillige lag i Gloppen – utvida frist
Vi vil gjerne takke alle frivillige som stilte opp på frivilligkveldane i Hyen 16. april, Breim 23. april og på Sandane 27. april! Både gjennom frivilligkveldane og kartlegginga av frivillige lag i Gloppen har vi fått inn mange gode innspel til kommunedelplan for frivilligheit. Vi har fått innblikk i dykkar arbeid, behov og ønsker, og har delteke i gode diskusjonar om viktige tema. Vi set stor pris på at de tek dykk tid til å delta.
-
16. april 2026 får mange innbyggjarar i Vestland invitasjon til å delta i folkehelseundersøkinga. Førre gong dette skjedde var i 2022. Då hadde Gloppen veldig god svarprosent, og vi fekk informasjon som vi har hatt god nytte av. Vi håper derfor at like mange svarar denne gongen: Dess fleire som svarar, dess meir nytte har vi av undersøkinga her i Gloppen!
-
Bli med på frivilligkveld
Frivilligkveldane er ein møteplass for frivillige lag i Gloppen, der kommunen inviterer til dialog om frivilligheit og samarbeid.
-
Landsbylaurdagar i 2026
Landsbylaurdag er ein møteplass der lag- og organisasjonar kan vise fram sin aktivitet, og bidra til å skape liv og røre på Heradsplassen og Fjordlandsbyen. Målet er at Landsbylaurdag arrangementa skal vere noko som ulike lag og organisasjonar skapar og arrangerer i lag. Vi oppmodar lag- og organisasjonar om å melde seg på og bruke denne møteplassen aktivt!