FOREININGSPORTAL Foreiningar i Gloppen

Movemberløpet

Legg søndagsturen til Myra 12.november🚶🏻‍♂️🏃🚶‍♀️🏃🏽‍♀️🧑🏼‍🦽👨‍🦼🤸🏼‍♀️🤸‍♂️🏃!! Slå eit slag for folkehelse og «Movember»! Blir med på ei kjekk trimøkt og støtt ei god sak❤️ Håpar vi sjåast🤩

Vi har lyst å lage eit arrangement der vi beveger oss i lag for movember og dei 60 mannfolka vi mistar til sjølvmord i timen verda over. Dette arrangementet vil ta plass på Myra i Åsen på søndag 12.november klokka 1200 til 1400.

Dette er eit arrangement for absolutt alle. Om du er barn, ungdom, vaksen eller eldre. Ein kan velje om ein vil gå, trille/rulle, jogge eller springe. Om målet er 1km, 5km, 10km eller eit halvmaraton kan du velje 🙂 Det viktigaste er at du kjem 🙂 Vi håpar de som ser dette arrangementet vil framsnakke dette og dra med dykk både familie, vener, kollegaer og andre bekjente.

Vi samlar inn pengar via spleis til ei svært viktig sak. www.spleis.no/luftebarten. Pengane går til:
Mental helse sine svartjenester (henta frå www.mentalhelse.no)
-Hjelpetelefonen
-Studenttelefonen
-Arbeidslivstelefonen
-Foreldresupport
-sidemedord-chat

Svartjenestane dekker eit stort behov innafor psykisk helse og er ei tjeneste som opplever stort trykk. Svartjenestene leverer tjenester av høg fagleg kvalitet, dekker eit stort behov og er eit kostnadseffektivt tilbud som avlastar andre delar av det offentlige hjelpeapparatet.

-I 2022 hadde svartjenestane besvart over 375 000 henvendingar.
-Frå januar til oktober i år (2023) har Mental Helses Svartjenester fått over 275 000 henvendelser.

*Det vil bli fyrt opp grill. Dei som vil kan ta med seg bålmat. Dette må de ordne med sjølve. Men mat, drikke og gode klede etter veiret er viktig.

Ei lita oppmoding: Fram mot helga kan de no byrje å utfordre vener, familie, bekjente, arbeidsplassar til å være med på dette arrangementet / støtte denne saka. Eit eksempel kan være at de støttar ein i familien med 5kr per runde. Kanskje ei bedrift vil sponse med nokre kroner per runde? Og igjen - dette er eit lettbeint arrangement som er meint for alle.

Les meir om arrangementet her: (2) Movemberløpet | Facebook 


Flere nyheter

Kartlegging av frivillige lag i Gloppen – utvida frist

Vi vil gjerne takke alle frivillige som stilte opp på frivilligkveldane i Hyen 16. april, Breim 23. april og på Sandane 27. april! Både gjennom frivilligkveldane og kartlegginga av frivillige lag i Gloppen har vi fått inn mange gode innspel til kommunedelplan for frivilligheit. Vi har fått innblikk i dykkar arbeid, behov og ønsker, og har delteke i gode diskusjonar om viktige tema. Vi set stor pris på at de tek dykk tid til å delta.

Kontakt

Postboks 67
6821 Sandane

Sosiale media

2026 © Foreningsportal