-
Hugs å søkje om kulturmidlar før 1. april
Lag og organisasjonar kan søkje Gloppen kommune om kulturmidlar. Vår målsetting med tilskotsmidlane er å stimulere til gode kulturtilbod og opplevingar, der ein kjenner på glede, meisting, samhald, inkludering og som bidreg til å hindre utanforskap.
Sandanedagane
Sandanedagane går av stabelen 18-20 august. Her kan du treffe kjentfolk, ete god mat, sjekke ut tilbodet i ulike frivillige organisasjonar og lag i Gloppen, høyre god musikk og finne gode tilbod i butikkane. Vi satsar på godt vær og yrande folkeliv i Sandane Sentrum desse dagane. Velkomen!
Del på:
-
Kunnskapsseminar for frivilligheit
Gloppen kommune inviterer til kunnskapsseminar om frivilligheit onsdag 11. februar kl. 18-21.
-
Julekveld i Trivselshagen
Tradisjonen tru feirer vi julekvelden i Trivselshagen. Det blir god mat og underhaldning ein kan nyte i godt selskap.
-
Spander ei handlevogn
Det nærmer seg jul og for mange kan dette vere ei ekstra sårbar tid, dersom pengane ikkje strekkjer heilt til. Spander ei handlevogn er eit samarbeid mellom privatperson, NAV og Gloppen Frivilligsentral, og ein enkel måte for deg som ønskjer å hjelpe dei som slit med trang økonomi.
-
Frivillighetens dag 5. desember
Torsdag 5. desember er den Internasjonale Frivilligdagen. Velkomen innom oss!!!