-
Rusfri 16. mai natt
No er det snart klart for årets store rusfrie happening🤩 Bli med på kjekke konkurransar og lotteri med trekning av flotte premiar🎤🎶🤞 Vi er overbevist om at det blir ein kjekk kveld med god mat og mykje action🌮🥗🌯
Rusfri 16. mai natt
Rusfri 16. mai-feiring på Sandane har vore arrangert i ei årrekkje. Årets arrangement vert, som tidlegare år, arrangert i Trivselshagen.Målgruppa er ungdom f.o.m. 9. klasse t.o.m. 19 år. Ungdommane betalar inngangsbillett og vi byr på taco, brus og konsert.
I år er det mulig å kjøpe billett på førehand på Trivselshagen sine nettsider.
Kvelden vert avslutta med trekking av flotte premiar, som næringslivet har sponsa heilt eller delvis. Politiet er til stades og tek alkotest av vinnarane før dei får utlevert premien. Alle ungdommane er med i trekninga.
Der vert vakter til stades inne i Trivselshagen, nattevandrarar og Røde Kors hjelpekorps går ute i sentrum, for å sjå til at alle har det bra. Det er sett opp buss til Byrkjelo kl 00.30.
Vi ynskjer ungdomane velkomne til ei kjekk rusfri 16. mai natt!
Arr.: Gloppen kommune, Nattevandrarane, Gloppen Trafikkskule, Den norske kyrkja, Sion, Røde Kors, STIL fotball og Frivilligsentralen.
Del på:
-
Kartlegging av frivillige lag i Gloppen – utvida frist
Vi vil gjerne takke alle frivillige som stilte opp på frivilligkveldane i Hyen 16. april, Breim 23. april og på Sandane 27. april! Både gjennom frivilligkveldane og kartlegginga av frivillige lag i Gloppen har vi fått inn mange gode innspel til kommunedelplan for frivilligheit. Vi har fått innblikk i dykkar arbeid, behov og ønsker, og har delteke i gode diskusjonar om viktige tema. Vi set stor pris på at de tek dykk tid til å delta.
-
16. april 2026 får mange innbyggjarar i Vestland invitasjon til å delta i folkehelseundersøkinga. Førre gong dette skjedde var i 2022. Då hadde Gloppen veldig god svarprosent, og vi fekk informasjon som vi har hatt god nytte av. Vi håper derfor at like mange svarar denne gongen: Dess fleire som svarar, dess meir nytte har vi av undersøkinga her i Gloppen!
-
Bli med på frivilligkveld
Frivilligkveldane er ein møteplass for frivillige lag i Gloppen, der kommunen inviterer til dialog om frivilligheit og samarbeid.
-
Landsbylaurdagar i 2026
Landsbylaurdag er ein møteplass der lag- og organisasjonar kan vise fram sin aktivitet, og bidra til å skape liv og røre på Heradsplassen og Fjordlandsbyen. Målet er at Landsbylaurdag arrangementa skal vere noko som ulike lag og organisasjonar skapar og arrangerer i lag. Vi oppmodar lag- og organisasjonar om å melde seg på og bruke denne møteplassen aktivt!