-
Rusfri 16. mai natt
No er det snart klart for årets store rusfrie happening🤩 Bli med på kjekke konkurransar og lotteri med trekning av flotte premiar🎤🎶🤞 Vi er overbevist om at det blir ein kjekk kveld med god mat og mykje action🌮🥗🌯
Innsamlingsaksjon
Gloppen Røde kors samlar inn klede, sko og utstyr til flyktningar som har komt det siste året.<iframe src="https://www.facebook.com/plugins/post.php?href=https%3A%2F%2Fwww.facebook.com%2Fgloppenfrivilligsentral%2Fposts%2Fpfbid0BFDYKM9A2REtNqgFfCEwgkBx9aEm2Zf7Y9hYUBymZCVbyUbkZQ2bha7s3HKg7pqul&show_text=true&width=500" width="500" height="627" style="border:none;overflow:hidden" scrolling="no" frameborder="0" allowfullscreen="true" allow="autoplay; clipboard-write; encrypted-media; picture-in-picture; web-share"></iframe>
Del på:
-
Kartlegging av frivillige lag i Gloppen – utvida frist
Vi vil gjerne takke alle frivillige som stilte opp på frivilligkveldane i Hyen 16. april, Breim 23. april og på Sandane 27. april! Både gjennom frivilligkveldane og kartlegginga av frivillige lag i Gloppen har vi fått inn mange gode innspel til kommunedelplan for frivilligheit. Vi har fått innblikk i dykkar arbeid, behov og ønsker, og har delteke i gode diskusjonar om viktige tema. Vi set stor pris på at de tek dykk tid til å delta.
-
16. april 2026 får mange innbyggjarar i Vestland invitasjon til å delta i folkehelseundersøkinga. Førre gong dette skjedde var i 2022. Då hadde Gloppen veldig god svarprosent, og vi fekk informasjon som vi har hatt god nytte av. Vi håper derfor at like mange svarar denne gongen: Dess fleire som svarar, dess meir nytte har vi av undersøkinga her i Gloppen!
-
Bli med på frivilligkveld
Frivilligkveldane er ein møteplass for frivillige lag i Gloppen, der kommunen inviterer til dialog om frivilligheit og samarbeid.
-
Landsbylaurdagar i 2026
Landsbylaurdag er ein møteplass der lag- og organisasjonar kan vise fram sin aktivitet, og bidra til å skape liv og røre på Heradsplassen og Fjordlandsbyen. Målet er at Landsbylaurdag arrangementa skal vere noko som ulike lag og organisasjonar skapar og arrangerer i lag. Vi oppmodar lag- og organisasjonar om å melde seg på og bruke denne møteplassen aktivt!