FOREININGSPORTAL Foreiningar i Gloppen

Solidaritetsmarkering

Eitt år, 365 dagar, etter at Russland invaderte Ukraina vil vi markerer dagen også her i Gloppen: for fridom, solidaritet med og kampvilje for Ukraina og støtte til dei ukrainarane som bur her.

I tillegg til dei ukrainarane som bur fast i kommunen har det allereie kome 53 som har flykta frå landet det siste året. Og fleire vil vi ta i mot om litt.

Vi inviterer til fakkeltog fredag 24. februar klokka 19.30.
Oppmøte framfor STIL-stova der vi kveikjer faklar. Vi går i fakkeltog til Heradsplassen. Der vert det markering med allsong, appellar og diktlesing.

Alle er velkomne!

Medtilskiparar: Breim bondelag, Gloppen bondelag, Hyen bondelag, Gloppen KrF, Gloppen Høgre, Gloppen Sp, Gloppen SV, Gloppen Ap, Gloppen Venstre, Gloppen MDG, Breim idrettslag, Firda vgs, Breim bygdekvinnelag, Gloppen bygdekvinnelag, Utdanningsforbundet Gloppen, Den norske kyrkja i Gloppen, Sandane Turn og Idrettslag, Gloppen janitsjar,

Flere nyheter

Kartlegging av frivillige lag i Gloppen – utvida frist

Vi vil gjerne takke alle frivillige som stilte opp på frivilligkveldane i Hyen 16. april, Breim 23. april og på Sandane 27. april! Både gjennom frivilligkveldane og kartlegginga av frivillige lag i Gloppen har vi fått inn mange gode innspel til kommunedelplan for frivilligheit. Vi har fått innblikk i dykkar arbeid, behov og ønsker, og har delteke i gode diskusjonar om viktige tema. Vi set stor pris på at de tek dykk tid til å delta.

Kontakt

Postboks 67
6821 Sandane

Sosiale media

2026 © Foreningsportal