Gloppen Demenskor
Har du, eller kjenner du nokon med kognitiv svikt som er glad i å synge?
Musikk og samspel med andre kan ha positiv effekt på kognitive utfordringar, og kan føre til oppleving av glede og verdifulle augeblikk av meistring. Evna til å synge og hugse melodiar beheld dei fleste med demens. Forskning viser at song og musikk har ein positiv effekt på symptom og livskvalitet hjå personar med demens.
Vi er no nærare 30 koristar og omtrent like mange frivillige hjelparar og vi er så heldige å ha med oss Ingunn Byrkjedal som dirigent og Steinar Engelbrektson som tonefølgje.
Vi øver kvar tirsdag kl. 17-18.30 i kantina på Gloppen Omsorgsenter.
Lyst å vere med? Kontakt Gloppen Frivilligsentral for meir informasjon og påmelding!