FOREININGSPORTAL Foreiningar i Gloppen

Eggenibberåsa AS

Selskapet EGGENIBBERÅSA vart etablert i juni 2017 av Breimsbygda idrettslag, og har som føremål å legge til rette for eit godt turløypenett i Øvredals- og Eggenipaområdet. Som ein del av dette er no Nibberåsa prosjektet i gong. Eit prosjekt der ein vil legge til rette for ein betre sti til og frå toppen, og slik gjere fjellet meir tilgjengeleg for folk flest.

Eggenipa.

Eggenipa er med sin eigenart, ein av dei mest fotograferte fjellformasjonane i Sogn og Fjordane. Med si spisse form er fjellet blitt eit ikon for fotografar og folk på vandretur. Fjellet ruvar 1338 m.o.h., og opplevingane er store og majestetiske. Utsikt, storslått natur, høgdemeter og mjølkesyre er opplevingar du vil ha på turen. I dag er dette ein tur mange kvir seg på å gå då det tidvis er veldig bratt og smalt, og du må halde deg i kjetting for å forsere enkelte parti. 

Besøkande og slitasje.

Trafikken til Eggenipa vore aukande i seinare år, sommaren 2017 er det registrert 1000 personar i boka som ligg på toppen. I 2021 var talet registerrte besøkande 4500. Auka trafikk har ført til stor slitasje på stien, spesielt frå parkeringsplassen i Øvredalen og opp til Heia har det vorte ille.

Målgruppe.

Målgruppa for prosjektet er born, ungdom, vaksne og eldre, samt turistar og andre besøkande som er glad i å gå i fjellet. Målet er at alle skal ha ei kjekk oppleving ute i naturen, gå meir på tur og bli sterkare, friskare og meir uthaldande. For at ein slik krevjande tur skal bli ei positiv oppleving, ynskjer foreininga NIBBERÅSA å lage ein berekraftig, trygg og lett framkommeleg sti frå E-39 til Eggenipa, og med rundtur rundt dalen heim igjen. Endepunkt tilbake ved E-39. Stien vil veksle mellom å gå i eksisterande og ny trase. Største endringa er at stien no vil kome opp på Heia lenger nord, og med det gjere turen til ei endå større oppleving.


Fritidsaktiviteter

Trening
Velforening
Turgåing

Kontaktinformasjon

997 14 474 / 

eggenipa@breim.no

www.eggenipa.no/

www.facebook.com/eggenipa1338/

Bjarte Heggheim

Postadresse
Skrøppavegen 2 6827 BREIM
6826 Byrkjelo

Andre opplysninger

Stiftet dato
13.05.2019

Kategori
Bygdelag, velforening og ungdomslag

Område
Byrkjelo

Målgrupper
Barn
Senior
Familie
Ungdom
Voksen

Sist oppdatert
27.04.2025

Rediger med kode

Kontakt

Postboks 67
6821 Sandane

Sosiale media

2025 © Foreningsportal