FOREININGSPORTAL Foreiningar i Gloppen

Breim og Sandane Skulekorps

Er ein plass for deg som ville drille og spele i korps. Vi har plass til alle som vil vere med. Aspirantane øver tysdagar 17.30-18.15, og skulekorpset øver tysdagar 18.00-19.30 på Gloppen Ungdomsskule. Drillaspirantane har trening tysdagar 16.30-17.30 og hovudtroppen øver tysdagar 17.00-18.30 i Trivselshallen.

Har du lyst til å spele i korps?

Aspirantkorpset er for deg som aldri har spelt instrument, eller som har spelt litt. Her får du vere saman med andre på din eigen alder og lære deg kjekke songar og ha det artig på øving. Korpset har instrument til gratis utlån for deg som er medlem, og vi kan også hjelpe deg med undervisning på instrumentet du vel. Ta kontakt med Ingvild Helle Bolstad (99506155) for meir informasjon.

Aspirantane øver tysdagar 17.30-18.15 på Gloppen Ungdomsskule. 

Oppstart hausten 2025 er 26.08.

Skulekorpset er for deg som er litt vidarekomen på ditt instrument, eller som har spelt ei stund i aspirantkorpset. Alderen er frå omlag 9-18 år. Vi har det kjekt på øving, og får spele masse spanande musikk. Av og til reiser vi på stemner og turar, og korpset er alltid ute og marsjerer på 17. mai!

Skulekorpset øver tysdagar 18.00-19.30 på Gloppen Ungdomsskule.

Oppstart hausten 2025 er 26.08.

Drilltroppen til Breim og Sandane skulekorps er for deg som likar å bevege deg til musikk, å lære nye koreografiar og ha det kjekt saman med andre. Her får barn og unge lære seg ei blanding av dans, rytme og presisjon med drillstav. Her øver dei på stilige koreografiar, teknikkar og show som dei framfører på konsertar, konkurransar og korpsarrangement. Drilltroppen er open for alle frå 1. klasse og oppover, og er ein sosial og inkluderande arena der meistring og samarbeid står i fokus. Dei deltek også på meisterskap, som til dømes Midtnorsk Meisterskap i Ålesund, der dei har gjort ein sterk innsats med mange fine resultat. Ta kontakt med Hanne Sunde (tlf 480 32 228) for meir informasjon.

Drillaspirantane har trening tysdagar 16.30-17.30 i Trivselshallen.

Hovudtroppen øver tysdagar 17.00-18.30 i Trivselshallen.

Oppstart hausten 2025 er 26.08.



Fritidsaktiviteter

Korps
Musikk

Kontaktinformasjon

99506155 / 

bolstadingvildhelle@gmail.com

www.facebook.com/profile.php?id=100070847348186

Ingvild Helle Bolstad

Andre opplysninger

Org.nummer
993751766

Stiftet dato
28.11.1964

Ant. medlemmer
35

Kategori
Dans, musikk og kultur

Område
Sandane

Målgrupper
Barn
Ungdom

Stikkord
Skulekorpset held til i både Breim og Sandane-området

Sist oppdatert
08.08.2025

Rediger med kode

Kontakt

Postboks 67
6821 Sandane

Sosiale media

2025 © Foreningsportal